Reinhaldar - Seksjon for drift - Eigedom, Hordaland fylkeskommune

Eigedomsavdelinga er Hordaland fylkeskommune sin fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 600.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg. Eigedomsavdelinga har totalt ca. 280 tilsette. Av desse er ca. 40 tilsette ved kontoret i Bergen.

Fitjar vgs ligg på Fitjar på øya Stord. Skulen har ca 200 elevar og 35 tilsette. Skulen tilbyr desse utdanningsprogramma: Design og handverksfag, Helse- og oppvekstfag og Restaurant- og matfag. Skulen har og Vg3/Vg4 allmennfagleg påbygging. Skulen sin visjon er: "Fitjar vgs skal vera ein god stad å vera og ein god stad å læra". Skulen har eit sterkt fokus på pedagogisk utviklingsarbeid.

Arbeidsoppgåver



  • Reinhald av skulelokaler både med og utan maskiner

Personlege eigenskaper

  • Gode evner til kommunikasjon, vera kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt.

    Ha evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre på skulen

    God datakunnskap og kjennskap til databaserte styringsverktøy.

    Like å jobbe blant ungdom

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer primært etter ein person med fagbrev i reinhaldsfaget, men søkjarar utan fagbrev kan også vere aktuelle dersom dei har lang erfaring innan faget.
    Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole, må leggje fram politiattest.
    Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.


Følgjande blir tilbydd

  • Spennande oppgåver

    Engasjerte og dyktige medarbeidere

    Gode moglegheiter for faglig utvikling

    Gode pensjonsordningar.

    Lønn etter avtale

Om arbeidsplassen

Eigedomsavdelinga er fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 600 000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur og administrasjonsbygg.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Steinar Lexander
Steinar Lexander
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Benedikte H Nygård
Benedikte H Nygård