Rådgjevar/seniorrådgjevar data manager - Skyss

Skyss og kollektivbransjen er i ei spennande utvikling der ny teknologi og store datamengder skaper nye moglegheiter. Digitalisering påverkar og endrar våre tenester til publikum og korleis vi jobbar internt og saman med andre i verdikjeda for mobilitet og kollektivtransport. Store datamengder må analyserast og strukturerast. Til dette arbeidet treng vi deg som brenn for god kvalitet i data og som har evne til å gjere data om til innsikt og nye moglegheiter.

Stillinga inngår i faggruppe for analyse og tenesteutvikling i Skyss.

Arbeidsoppgåver

  • Ha eit fagleg ansvar for forvaltning og utvikling av data og datavarehusmiljø i Skyss
  • Utvikle datakilder og datavarehus for å kunne støtte framtidige tenester
  • Sikre kvalitet og dokumentasjon
  • Være forretningsutvikler for data manager området og være fagleg oppdatert på utvikling og trender
  • Bidra med statistikk og analyser internt og eksternt
  • Være fagleg støtte internt og mot samarbeidspartnarar
  • Innanfor fagområdet, ivareta samarbeid med andre kollektivselskap og andre samarbeidspartnarar

Personlege eigenskaper

  • Vi ser fram til å treffe deg som liker å være ein pådrivar i gjennomføring av oppgåver og som gjerne har fleire ballar i lufta samstundes. Du er strukturert, du engasjerer dei rundt deg og du trivst i eit hektisk arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

  • Høgre utdanning innenfor IT-fag (Master/hovedfag)
  • Kjennskap til og erfaring med BI-verktøy som f.eks. Microsoft’s Power BI
  • Kjennskap til Sky-tjenester
  • Kompetanse og erfaring fra operativ drift av databaser som MS-SQL og Oracle
  • Dokumentert erfaring med BI miljø og datavarehus management
  • God forståing for systemarkitektur og integrasjonar
  • God forståing for IT som driver for forretningsutvikling
  • Kjennskap til ulike arbeidsmetodikkar og praktisering av rammeverk, som til dømes ITIL
  • Gode språklege ferdigheiter og evne til å utarbeide skriftleg dokumentasjon
  • Kunnskap om kollektivtrafikk er ein fordel men inga forutsetning

Følgjande blir tilbydd

  • Samfunnsnyttige oppgåver i eit engasjert arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Gode pensjonsordningar gjennom Hordaland fylkeskommune
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Lønn etter avtale
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Samferdselsavdelinga i Hordaland fylkeskommune har ansvar for at fylket har eit funksjonelt transporttilbod med bil, bane, båt og buss. Vi driftar, planlegg og utviklar kollektivtilbodet og fylkesvegane for at folk skal reise trygt og miljøvennleg til jobb, skule og fritidsaktivitetar.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Kari Steinsland
Kari Steinsland