Rådgjevar/seniorrådgjevar Business Intelligence - Skyss

Skyss og kollektivbransjen er i ei spennande utvikling der ny teknologi og store datamengder skaper nye moglegheiter. Digitalisering påverkar og endrar våre tenester til publikum og korleis vi jobbar internt og saman med andre i verdikjeda for mobilitet og kollektivtransport. Store datamengder må analyserast og strukturerast. Til dette arbeidet treng vi deg som brenn for god kvalitet i data og som har evne til å gjere data om til innsikt og nye moglegheiter.

Stillinga inngår i faggruppe for analyse og tenesteutvikling i Skyss.

Arbeidsoppgåver

  • Ha hovudansvar for bruk og utvikling av Skyss sitt Business Intelligence miljø (BI-miljø) som er basert på Microsoft sin BI-stack (mellom anna Power BI, SSAS, Azure).
  • Sikre god struktur og kvalitet i statistikk og analyser som skal nyttast internt og eksternt
  • Bidra til forretningsutvikling og analyser i ulike prosjekter internt og med samarbeidspartnarar
  • Vere ein pådrivar for å auke BI-kompetansen generelt i Skyss
  • Være fagleg støtte internt og mot samarbeidspartnarar når det gjelder statistikk og analyse
  • Sikre tett samarbeid med andre kollektivselskap og samarbeidspartnarar i forhold til å utvikle data og BI
  • Være pådrivar og ivareta prosjektleiing i uttalte oppgåver

Personlege eigenskaper

  • Vi ser fram til å treffe deg som liker å være ein pådrivar i gjennomføring av oppgåver og som gjerne har fleire ballar i lufta samstundes. Du er strukturert, du engasjerer dei rundt deg og du trivst i eit hektisk arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

  • Kompetanse og erfaring innan statistikk og analyse
  • Kunnskap om og erfaring med Business Intelligens og utvikling av miljø for dette
  • Erfaring frå arbeid med databaser og bruk av SQL
  • Gode ferdigheiter i Microsoft Excel
  • God forståing for digitalisering og IT som driver for forretningsutvikling
  • Gode formidlingsevner og evne til å presentere fagstoff, både munnleg og skriftleg, på norsk og engelsk
  • Kunnskap om kollektivtrafikk er ein fordel men inga forutsetning

Følgjande blir tilbydd

  • Samfunnsnyttige oppgåver i eit engasjert arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Gode pensjonsordningar gjennom Hordaland fylkeskommune
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Lønn etter avtale
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Samferdselsavdelinga i Hordaland fylkeskommune har ansvar for at fylket har eit funksjonelt transporttilbod med bil, bane, båt og buss. Vi driftar, planlegg og utviklar kollektivtilbodet og fylkesvegane for at folk skal reise trygt og miljøvennleg til jobb, skule og fritidsaktivitetar.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Kari Steinsland
Kari Steinsland