Rådgjevarar - forvaltning og utgreiing av infrastruktur og veg i Vestland - Vestland fylkeskommune - avdeling for infrastruktur og veg

Frå 2020 overtar Vestland fylkeskommune ansvaret for fylkesvegnettet i heile Vestland fylke. Vi set no saman eit spennande team av  dyktige fagfolk frå alle kantar av det nye fylket for å løyse denne viktige samfunnsoppgåva. Til saman skal vi rekruttere 100 medarbeidarar i ei rekke ulike fagfelt. Medarbeidarane vil ha arbeidsstad i Leikanger, Bergen, Førde, Odda, Voss og Nordfjordeid. Vi treng deg som har kompetanse innan vegplanlegging, prosjektering, drift og vedlikehald av veg, samt fleire fagområde. Bli med frå starten og sett ditt preg på ei ny avdeling for å gi det nye fylket gode og trygge vegar og god infrastruktur.

Seksjon for forvaltning, utgreiing og geodata har ansvar for uttale til arealplanar,
handsaming av søknader etter veglova, trafikkteknikk, samt geodatavirksomheiten
på avdelinga. Innan geodata er ajourhald og forvaltning
av trafikkdata i nasjonal vegdatabank (NVDB) ei viktig oppgåve. Ansvar for koordinering og faglege bidrag knytt til ulike planar som
Regional transportplan (RTP) og Nasjonal transportplan (NTP) ligg og til
seksjonen saman med arbeidet knytt til å utarbeide grunnlag for om ein skal gå
vidare med investeringsprosjekt på fylkesvegnettet eller ikkje. 

Arbeidsoppgåver

  • Rådgjevar trafikkteknikk innan fagområde forvaltning 

    3 stillingar i Bergen.  Næraste leiar vil vere Hege Løtveit

    • Sakshandsaming skilt- og fartsgrensesaker
    • Sakshandsaming av søknader om reklame og annan skilting langs veg
    • Sakshandsaming omklassifiseringssaker
    • Yte fagleg bistand og vere ein ressursperson innan trafikkteknikk/trafikkregulering
    • Gi innspel om og følgje opp trafikkteknikk i investeringsprosjekt og på eksisterande vegnett
    • Sakshandsaming knytt til arrangement og sykkelritt

    Rådgjevarar arealplanforvaltning/vegplanleggar

    3 Stillingar på Leikanger, Voss, Odda eller Førde. Næraste leiar vil vere Anniken Rygg

     Sakshandsaming innan saker knytt til å:

    • Delta i lokalt planarbeid og fora saman med offentlege myndigheiter, kommunar, utbyggjarar
    • Yte fagleg bistand og vere ein ressursperson innan trafikkteknikk/trafikkregulering
    • Gi innspel om og følgje opp trafikkteknikk i investeringsprosjekt og på eksisterande vegnett
    • Dialog mot kommunane i ulike forvaltningssaker på vegner av avdelinga
    • Offentlege og private planar som påverkar vegtrafikk eller vegforvaltninga
    • Eksisterande vegar, som avkøyrsler og dispensasjonar frå byggegrenser etter veglova
    • Nabovarsel som vegeigar
    • Skilt- og fartsgrensesaker
    • Søknader om reklame og annan skilting langs veg
    • Omklassifiseringssaker
    • Arrangement og sykkelritt 

    Rådgjevar teljing og NVDB innan fagområde geodata

    1 Stilling i Bergen. Næraste leiar vil vere Jan Ove Stadheim 

    • Følgje opp drift av automatiske tellepunkt som er på fylkesvegane i Vestland
    • Koordinere og delta i utføring av periodiske teljingar
    • Ajourhald av trafikkmengdedata på fylkesvegane til nasjonalt datasett
    • Fagleg rådgjeving
    • Vidareutvikling av  metodar og rutinar innan fagområdet 

    Rådgjevarar vegplanleggar innan fagområde utgreiing

    4 Stillingar på Leikanger, Voss eller Bergen. Næraste leiar vil vere Carl-Erik Nielsen

    • Trafikkanalyser, transportmodellar og grunnlag for finansiering
    • Overordna analyser og innspel som grunnlag for Regional transportplan(RTP)
    • Moglegheitsstudium/utgreiingar som grunnlag for lokalpolitiske vedtak for enkeltprosjekt eller bompengepakkar
    • Transport/trafikkanalyser/effektutrekningar(nytte/kost- analysar)
    • Samfunnsøkonomiske analysar/ Verdianalysar
    • Ei viktig oppgåve for dei tilsette på utgreiingseininga vil vere å utarbeide grunnlag for om ein skal gå vidare med moglege investeringsprosjekt på fylkesvegnettet eller ikkje.
    • Å sikre god samhandling med seksjon for plan og utbygging vil i slike prosjekt vere viktig saman med dialog med kommunar og andre interessentar
    • Finansieringsanalysar/bompengeutgreiingar 

Personlege eigenskaper

  • Vi er ute etter medarbeidar som er fleksibel, sjølvstendig, har gode samarbeidsevner, er løysingsorientert og som har god gjennomføringsevne.

Kvalifikasjonar

    • Relevant teknisk utdanning frå universitet eller høgskule. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå kvalifikasjonskravet.
    • Det er ein fordel med erfaring frå offentleg forvaltning.
    • Du må ha førarkort klasse B, i særskilte tilfeller kan krav om førarkort fråvikast. 

    Særlege krav for stillingar innan trafikkteknikk

    • Det er ein fordel med relevant erfaring frå offentlig forvaltning og erfaring fra fagområdet trafikkanalyser og trafikkteknikk og at ein har kjennskap til relevante handbøker.

    Særleg  krav for stillingar innan  arealplanforvaltning/vegplanlegging

    • Det er ein fordel med kjennskap til relevant lovverk som veglova og plan- og bygningslova.

    Særleg krav for stillingar innan vegplanlegging

    • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule på mastergradsnivå. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå kvalifikasjonskravet.
    • Det er det ein fordel med erfaring fra prosjektleiing, erfaring fra samferdslesektoren og planlegging etter plan- og bygningslova.

Følgjande blir tilbydd

    • Ei faglig utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
    • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø  
    • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
    • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 

    Andre opplysningar 

    Av praktiske årsaker har vi samla fleire stillingar i kvar annonse. Når du søker på stillinga spør vi deg

  • om kva stilling du primært søker på, og kva arbeidsstad du vil ha. Vi spør deg
  • også om du er interessert i andre stillingar og andre arbeidsstader. Dersom det
  • er spesifikke andre stillingar du er interessert i, gi gjerne også beskjed om
  • dette i søknaden din. Dersom du har spørsmål til stillingane, ta kontakt med
  • den leiaren som står oppgitt på di stilling. Om du har spørsmål om tilsetjingsprosessen, kontakt Ruben Nordvik på telefon 969 43 099.

Om arbeidsplassen

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Hege Løtveit
Hege Løtveit
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av John Martin Jacobsen
John Martin Jacobsen
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Carl-Erik Nielsen
Carl-Erik Nielsen
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Jan Ove Stadheim
Jan Ove Stadheim
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Anniken Rygg
Anniken Rygg