Rådgjevar senter for vaksenopplæring - Voss gymnas

Voss gymnas er ein kombinert vidaregåande skule, og har om lag 590 elevar og 90 tilsette. Skulen opna 01. august 2017 i nytt skulebygg med eit stort idrettsanlegg. Skulen tilbyr utdanningsprogramma; design og handverk, service og samferdsel, helse- og oppvekstfag, studiespesialisering, idrett, toppidrett-ski, kunst, design og arkitektur og musikk, dans og drama. Skulen har i tillegg to klassar med påbygging til generell studiekompetanse og ansvar for Hordaland fylkeskommune si klasse i Frankrike. Voss gymnas er òg vaksenopplæringssenter for Voss og Indre Hardanger.

Hordaland fylkeskommune har i alt fem vaksenopplæringssenter som skal arbeide med å utvikle eit utdanningstilbod til vaksne som ynskjer yrkesfagleg- eller studieførebuande utdanning. Senter for vaksenopplæring ved Voss gymnas har frå 01. august 2019 ledig 100% stilling som rådgjevar. Rådgjevaren vil arbeide saman med to andre rådgjevarar ved skulen.
Rådgjevingsstillinga knytt til vidaregåande opplæring for vaksne vil frå 2020 vere ein del av ei rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune som består av OT, PP og karriererettleiing.

Arbeidsoppgåver

  • Informere og rettleie vaksne om vidaregåande opplæring
  • Handsame søknadar om rett til opplæring
  • Informere verksemder og institusjonar i regionen om vidaregåande opplæring for vaksne og kartlegge deira opplæringsbehov
  • Vurdere vaksne søkjarar sin formal- og realkompetanse
  • Planlegge og gjennomføre opplæring og kurs i samarbeid med vidaregåande skular i regionen

Personlege eigenskaper

  • Vi søkjer etter ein person som:
  • Har gode samarbeidsevner, er strukturert og som har høg arbeidskapasitet
  • Kan samarbeida godt med alle tilsette og eksterne samarbeidspartnarar
  • Er tydeleg og engasjert
  • Har god IKT-kompetanse (sakshandsaming og bruk av spesialprogram)
  • Er systematisk og nøyaktig

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan administrasjon eller pedagogisk kompetanse
  • Det er ynskjeleg at søkjaren har kjennskap til vidaregåande utdanning og næringsliv i regionen
  • Sertifikat klasse B
  • Det er ei føremon at søkaren har erfaring frå skule og/eller erfaring med administrativ sakshandsaming.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Til denne stillinga er det ein føresetnad for tilsetjing at det blir lagt fram politiattest.

Følgjande blir tilbydd

  • Løn og lønsutvikling etter Hordaland fylkeskommune sin lønspolitikk
  • Kurs- og opplæringstilbod
  • Nytt og moderne skulebygg med svært gode fasilitetar
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Håvard Vambheim Styve
Håvard Vambheim Styve