Rådgjevar innkjøp, HMS, HR og juridisk for infrastruktur og veg i Vestland - Vestland fylkeskommune - avdeling for infrastruktur og veg

Frå 2020 overtar Vestland fylkeskommune ansvaret for fylkesvegnettet i heile Vestland fylke. Vi set no saman eit spennande team av  dyktige fagfolk frå alle kantar av det nye fylket for å løyse denne viktige samfunnsoppgåva. Til saman skal vi rekruttere 100 medarbeidarar i ei rekke ulike fagfelt. Medarbeidarane vil ha arbeidsstad i Leikanger, Bergen, Førde, Odda, Voss og Nordfjordeid. Vi treng deg som har kompetanse innan vegplanlegging, prosjektering, drift og vedlikehald av veg, samt fleire fagområde. Bli med frå starten og sett ditt preg på ei ny avdeling for å gi det nye fylket gode og trygge vegar og god infrastruktur.

Staben si hovudoppgåve er strategi og styring av avdelinga, inkludert budsjett og
økonomioppfølging. Staben yter administrative fellestenester på avdelinga, og
har i tillegg innkjøpsfagleg og juridisk kompetanse. Staben har ansvar for HR
og HMS for heile avdelinga, og informasjon og kommunikasjon innan avdelinga
sine fagområde. Staben har 29 medarbeidarar. 

Arbeidsoppgåver

  • Rådgjevar HMS
    2 stillingar lokalisert i Bergen eller Leikanger.

    • Koordinere HMS-arbeidet i avdelinga og vere aktiv ressurs i opplæring og rådgjeving for å sikre fokus på god HMS i alle ledd
    • Oppfølging av byggherreforskrift og internkontrollforskrift
    • Fokus spesielt retta mot entreprisedrift og aktivitet ute på veg / prosjekt
    • Rådgjeving, risikovurdering og -analyse
    • Utvikle rutinar, kvalitetssikre og følgje opp / rapportere               

    Rådgjevar HR
    2 stillingar lokalisert i Bergen eller Leikanger.

    • Støtte til leiarar og medarbeidarar i HR-spørsmål
    • Rekruttering, løn og personalforvaltning
    • Bidra i oppfølging av sjukefråvær og intern HMS

    Andre aktuelle oppgåver avhengig av bakgrunn og interesse

    • Leiarstøtte i utvikling av organisasjon og menneske
    • Konflikthåndtering og vanskelege personalsaker

    Rådgjevar innkjøp
    Inntil 4 stillingar i Bergen eller Leikanger.

    • Bistand og rådgjeving ved offentlege anskaffingar til avdelinga
    • Kvalitetssikring av konkurransegrunnlag, samt bistand i evaluering av tilbod og  bistand i kontraktsforhandlingar
    • Arbeid knytt til kontraktsoppfølging  kan også påreknast. Det same gjeld arbeid med intern opplæring og utarbeiding av rutinar.

    Jurist
    1 stilling i Bergen eller Leikanger

    • Juridisk rådgjeving og sakshandsaming innan avdelinga sine ansvarsområde, med vekt på entreprise, kontrakt, innkjøp, erstatning og eigedom mm.

Personlege eigenskaper

  • Vi er ute etter medarbeidarar som er fleksibel, sjølvstendig, har gode samarbeidsevner, er løysingsorienterte og som har god gjennomføringsevne.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege foresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå kvalifikasjonskravet.

    Du må ha førarkort klasse B, i særskilte tilfeller kan krav om førarkort fråvikast

    Særlege krav for Rådgjevar HMS

    • Gode kunnskapar om HMS verktøy, prosessar og relevante lover og forskrifter

    Særlege krav for HR rådgjevar og jurist

    • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
    • god brukarkompetanse på relevante IKT-system

     Særlege krav for rådgjevar innkjøp

    • Erfaring frå fagområdet vert vektlagt 

Følgjande blir tilbydd

    • Ei faglig utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
    • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø  
    • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
    • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 

    Andre opplysningar 

    Av praktiske årsaker har vi samla fleire stillingar i kvar annonse. Når du søker på stillinga spør vi deg

  • om kva stilling du primært søker på, og kva arbeidsstad du vil ha. Vi spør deg
  • også om du er interessert i andre stillingar og andre arbeidsstader. Dersom det
  • er spesifikke andre stillingar du er interessert i, gi gjerne også beskjed om
  • dette i søknaden din. Dersom du har spørsmål til stillingane, ta kontakt med
  • den leiaren som står oppgitt på di stilling. Om du har spørsmål om tilsetjingsprosessen, kontakt Ruben Nordvik på telefon 969 43 099.

Om arbeidsplassen

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Einar Kvam
Einar Kvam