Rådgjevar fartøyvern - Fylkeskonservatoren - Kultur- og idrettsavd., Hordaland fylkeskommune

Det er ledig fast stilling som rådgjevar fartøyvern. Hordaland fylkeskommune er regional styresmakt for kulturminnevern. Seksjonen sitt arbeidsområde er forvalting av kulturminna i fylket gjennom eigendefinerte eller statleg delegerte oppgåver. Fylkeskonservator er fagleg ansvarleg for seksjonen. Hordaland er vertsfylke for Hardanger fartøyvernsenter, eit av tre nasjonale fartøyvernsenter. Fylka vil frå 1. januar 2020 få overført fleire av Riksantikvaren sine arbeidsoppgåver, mellom anna på fartøyvernfeltet.

Arbeidsoppgåver

    • Forvalting av freda og listeførte fartøy.
    • Tilskotshandsaming, godkjenning av inngrep i verna fartøy, samt oppfylging og supplering av vernelista.
    • Rådgjeving og dialog med fartøyeigarar og restaureringsverfta.
    • Stillinga skal vere med å byggje opp under utviklinga av fartøyvernet i Vestland fylkeskommune
    • Fagleg dialog med statlege styresmakter, interesseorganisasjonar og fagmiljøa knytt til arkiv og museum.
    • Andre oppgåver det er naturleg å legge til stillinga

Personlege eigenskaper

    • Vi søkjer personar med fagleg engasjement som arbeider strukturert og har evne til å veksle mellom sjølvstendig arbeid og samarbeid i eit fagleg fellesskap.

Kvalifikasjonar

    • Søkjarar bør ha høgare utdanning (hovudfag/mastergrad) innanfor relevant fagområde, t.d. innan skip- eller båtbygging, kystkultur, historie, kulturminneforvaltning eller kulturformidling. Realkompetanse vert vurdert og erfaring frå fartøyvernfeltet vil bli vektlagt
    • Søkjar må ha historisk kompetanse og forståing for korleis fartøya og samfunnet har endra seg over tid.
    • For gjennomføring av synfaringar og tilstandsregistrering vil teknisk kompetanse og forståing for ulike krav og konstruksjonar vere viktig.
    • Søkjar må ha kunnskap om relevant lovverk, som t.d. kulturminnelova og ulikt regelverk knytt til sertifisering av verna og freda fartøy.
    • Erfaring med registrering og oppdatering i kulturminnedatabasen Askeladden vil vere ein føremon.
    • Administrasjonen i Hordaland fylkeskommune nyttar nynorsk som målføre. Søkjarar bør kunne uttrykkje seg godt både munnleg og skriftleg.
    • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

    • Stillingsnemning og løn etter kvalifikasjonar
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
    • Bedriftshelseteneste
    • Fleksibel arbeidstid

Om arbeidsplassen

Kultur- og idrettsavdelinga i Hordaland fylkeskommune skaper rom for eit rikt og mangfaldig kulturliv i Hordaland. Vi medverkar til at alle kan oppleve tradisjonell og nyskapande kunst og kultur og delta i idrett og fysisk aktivitet. Vi vernar kulturminna og tek vare på historia vår for framtida. I samarbeid med kommunar, institusjonar og frivillige utviklar vi kulturen og samfunnet til gagn og glede for alle.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av David J Aasen Sandved
David J Aasen Sandved