Rådgjevar bygningsvern - Fylkeskonservatoren - Kultur- og idrettsavd., Hordaland fylkeskommune

Det er ledig fast stilling som rådgjevar bygningsvern. Hordaland fylkeskommune er regional styresmakt for kulturminnevern. Seksjonen sitt arbeidsområde er forvalting av kulturminna i fylket gjennom eigendefinerte eller statleg delegerte oppgåver. Fylkeskonservator er fagleg ansvarleg for seksjonen. Fylka vil frå 1. januar 2020 få overført fleire av Riksantikvaren sine arbeidsoppgåver, mellom anna forvaltning av statlege, freda bygg.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Arbeidsoppgåver

    • Lovheimla forvalting av etterreformatoriske kulturminne.
    • Tilstandsregistrering og tilskotshandsaming for freda bygg i privat eige.
    • Rådgjeving og dialog med eigarar.
    • Førebuing av saker til politisk handsaming.
    • Tverrfaglege oppgåver på seksjonen og avdelinga
    • Anna arbeid det er naturleg å legge til stillinga

Personlege eigenskaper

    • Vi søkjer personar med fagleg engasjement som arbeider strukturert og har evne til å veksle mellom sjølvstendig arbeid og samarbeid i eit fagleg fellesskap.

Kvalifikasjonar

    • Søkjarar må ha ferdigstilt høgare utdanning (hovudfag/mastergrad) innanfor relevant fagområde, t.d. kunsthistorie med vekt på arkitektur og bygningsvern eller kulturvern- og kulturformidling. Sivilarkitektar, historikarar og etnologar eller andre med særleg røynsle frå kulturminnefeltet kan søkje.
    • Søkjar må ha bygningskompetanse og erfaring med forvaltning av kulturminne.
    • Arkitektonisk kompetanse og evne til å utøve kulturminnefagleg skjønn med omsyn til estetikk og endringstiltak (UU – Universell utforming).
    • Erfaring med registrering og oppdatering i kulturminnedatabasen Askeladden vil vere ein føremon.
    • Administrasjonen i Hordaland fylkeskommune nyttar nynorsk som målføre. Søkjarar bør kunne uttrykkje seg godt både munnleg og skriftleg.
    • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

    • Stillingsnemning og løn etter kvalifikasjonar
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
    • Bedriftshelseteneste
    • Fleksibel arbeidstid

Om arbeidsplassen

Kultur- og idrettsavdelinga i Hordaland fylkeskommune skaper rom for eit rikt og mangfaldig kulturliv i Hordaland. Vi medverkar til at alle kan oppleve tradisjonell og nyskapande kunst og kultur og delta i idrett og fysisk aktivitet. Vi vernar kulturminna og tek vare på historia vår for framtida. I samarbeid med kommunar, institusjonar og frivillige utviklar vi kulturen og samfunnet til gagn og glede for alle.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av David J Aasen Sandved
David J Aasen Sandved