Rådgjevar - ruteplanleggjar - Skyss

Hordaland fylkeskommune har som ei av sine oppgåver å arbeide for eit best mogleg kollektivtilbod i fylket. Skyss planlegg og marknadsfører kollektivtransporttenester for buss, bybane, båt og ferje, og sørger for skoleskyss til eit stor antal elevar. Vårt arbeid innverkar på kvardagen til veldig mange menneske og vi har stor respekt for oppgåva.

Måla for kollektivtrafikken i Hordaland er ambisiøse, og Skyss arbeider for at talet kollektivreisande skal auke vesentleg i åra framover – spesielt i Bergensområdet. Kollektivtilbodet skal framstå som eit attraktivt, enkelt og riktig val for dei reisande. Dette krev systematisk arbeid med å bygge opp eit kollektivtilbod som er enkelt og tilpassa reisebehova til dei fleste. Nye digitale kanalar for trafikantinformasjon stiller også stadig høgare krav til kvalitet i og forvaltning av rutedata som ligg til grunn for informasjonen.

Stillinga som ruteplanleggar er knytt til avdeling trafikktilbod i Skyss. Avdelinga er inndelt i tre faggrupper, og stillinga tilhøyrer faggruppe tilbodsutvikling. Faggruppa har mellom anna ansvar for det langsiktige, strategiske utviklingsarbeidet knytt til rutetilbodet, operativ dagleg ruteplanlegging og forvaltning av rutedata.

Arbeidsoppgåver

  • Løpande oppdatering og kvalitetssikring av rutedata
  • Bidra til utarbeiding av langsiktige planar for utvikling av tilbodet
  • Operasjonalisering av langsiktige planar til dagleg drift
  • Analyse av relevant faktagrunnlag som passasjertal, kjøretidsdata
  • Bidrag i arbeid med vidareutvikling av metodikk og arbeidsprosessar for ruteplanlegging

Personlege eigenskaper

  • Systematisk og nøyaktig
  • Evne til faktabasert og analytisk tilnærming og dokumentasjon av eige arbeid
  • Kundeorientert
  • Gode samarbeidsevner
  • God arbeidskapasitet

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innanfor relevante fagområde, erfaring kan i særskilde høve kompensere for høgare utdanning
  • Ønske om kompetanse innan ruteplanlegging, planlegging av transport, effektiv logistikk og produksjonsplanlegging
  • Ønske om kollektivfagleg kompetanse
  • Kjennskap til planleggingssystem for kollektivtrafikken er ein fordel

Følgjande blir tilbydd

  • Samfunnsnyttige oppgaver i eit engasjert arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Gode pensjonsordningar gjennom Hordaland fylkeskommune
  • Fleksible arbeidstidsordninger
  • Lønn etter avtale
  • Ein person med sterkt engasjement for å gje eit godt tilbod til dei reisande vil i denne stillinga ha moglegheit for betydeleg innverknad på kollektivtrafikken i Hordaland.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Samferdselsavdelinga i Hordaland fylkeskommune har ansvar for at fylket har eit funksjonelt transporttilbod med bil, bane, båt og buss. Vi driftar, planlegg og utviklar kollektivtilbodet og fylkesvegane for at folk skal reise trygt og miljøvennleg til jobb, skule og fritidsaktivitetar.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Gudrun Einbu
Gudrun Einbu