Rådgjevar - energi - Seksjon for klima- og naturressursforvaltning - Regionalavdelinga

Vestland fylke vil stå for 25 % av den fornybare energiproduksjonen i Noreg og energi er ei svært viktig næring for Vestland. Stillinga vil handsame energisaker og kunne bidra til ny verdiskaping innan energifeltet i Vestland.
Stillinga startar i Hordaland fylkeskommune. Frå og med 1. januar vil du arbeide i avdelinga innovasjon og næring, seksjon grøn vekst, klima og energi i Vestland fylkeskommune.

Arbeidsoppgåver

    • Legge til rette for og utføre administrativ og politisk handsaming av energisaker for politisk handsaming innan blant anna kraftverk, nett og energi
    • Næringsutvikling knytt til utvikling av fornybare energikjelder, elektrifisering, biogass og hydrogen. Næringsarbeid knytt til å erstatte fossil energi med fornybar energi
    • Oppgåve som administrativ kontakt for Vestland fylkeskommune i organisasjonen Kraftfylke og andre energinettverk.
    • Deltaking i kraftsystemutgreiingar for ulike geografiske område.
    • Representant for VLFK i relevante internasjonale prosjekt og forskingsprosjekt.
    • Arbeid innan grøn konkuransekraft og innovasjon med vekt på energifeltet.

Personlege eigenskaper

    • Gode samarbeids- og gjennomføringsevner.
    • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
    • Løysingsorientert, skape resultat saman med andre.
    • Kunne arbeide sjølvstendig, og vere utviklingsorientert.
    • Etablert regionalt og nasjonalt nettverk.
    • Sterk interesse for energi og energipolitikk

Kvalifikasjonar

    • Relevant utdanning på mastergradsnivå, gjerne innan energi. Geografi, jus, samfunnsplanlegging er døme på anna relevant bakgrunn.
    • Dokumentert erfaring frå energiarbeid som til dømes erfaring frå NVE, kraftselskap, organisasjonar eller offentleg forvaltning er ein fordel
    • Kjennskap til klima og grøn vekst
    • God kjennskap til offentleg verksemd ein ein fordel.

Følgjande blir tilbydd

    • Motiverande og stimulerande arbeidsmiljø
    • Høgt kvalifiserte fagfolk
    • Arbeid som gir resultat og samfunnsnytte
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
    • Alle nytilsetjingar i Hordaland/Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
    • Løn etter avtale.
    • Fleksibel arbeidstid.

Om arbeidsplassen

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Sølve Dag Sondbø
Sølve Dag Sondbø