Psykologspesialist/erfaren psykolog - TK Vest / avd Hordaland TOO/SFO klinikk

Ved tannhelsetenesta sitt kompetansesenter (TkVest/Hordaland) er det ledig vikariat i 100 % stilling, med mogelegheit for fast stilling som psykologspesialist ved Senter for Odontofobi (SFO). Tenestestad er på TkVest/Hordaland som ligg i det nye odontologibygget, Årstadveien 19, Bergen. Tannhelsetenesta i Hordaland og tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane vil frå 01.01.2020 bli slått saman til ein organisasjon, og SFO vil då vere fagstøtte for heile den nye tannhelsetenesta. Psykologer ved SFO bistår med psykolog-ressurs til tverrfaglege team ute i Tannhelsetenesta, både i Hordaland (6 team) og Sogn og Fjordane. (1-2 team)

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga er ein del av tannhelsetenesta i Hordaland sitt spesialist-tilbod og inngår i kompetansesenteret sitt TOO-team (tannhelsetilbud til tortur- og overgrepsutsatte og personer med odontofobi).
  • Psykologen jobber tverrfagleg med tannlege, tannpleiar og sekretærer.
  • Søkjar må ha interesse for arbeid med odontofobipasientar.
  • Gode evner til å samarbeide er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
  • Utadretta rettleiing og informasjonsarbeid kan også bli pårekna.

Personlege eigenskaper

  • Den som blir tilsett må ha gode norsk-kunnskapar, kunne arbeide sjølvstendig, vere strukturert og ha god gjennomføringsevne.
  • Ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevnar.
  • Ved vurdering av søkjarane vil dei personlege eigenskapane bli vektlagde.

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar til stillinga må vere psykologspesialist, eller psykolog med godkjent norsk autorisasjon og allsidig erfaring.
  • Videreutdanning i kognitiv adferdsterapi og interesse for metakognitiv terapi.
  • Erfaren angstbehandlar
  • Fordel med erfaring frå firedagars format og eksponeringsterapi.
  • Erfaring med veiledning av helsepersonell i tverrfagleg team.
  • Erfaring frå - eller interesse for tenesteutvikling og prosjektarbeid.
  • Erfaring frå - eller interesse for klinisk helsepsykologi
  • Søkjarar med røynsle frå forsking er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • Alle som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Stillinga blir løna av Hordaland fylkeskommune etter kvalifikasjonar
  • Stillinga kan også delast.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Tannhelsetenesta i Hordaland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved kompetansesenteravdelinga tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Hordaland. Tilsette i tannhelsetenesta i Hordaland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Hildur Cecilie Søhoel
Hildur Cecilie Søhoel