Psykologar i Psykologteamet i vidaregåande skular - Oppfølgingstenesta/PPT

Vi søkjer etter tre psykologar til eit team på seks. Ein stilling har arbeidsstad i Bergen Sør med faste dagar i Sunnhordland. Ein stilling har arbeidsstad i Bergen sentrum. Den tredje stillingen har arbeidsstad i Bergen sentrum med faste dagar på Voss.

Hordaland fylkeskommune etablerte hausten 2016 eit team av seks psykologar i dei vidaregåande skulane. Målet er at fleire ungdomar skal få hjelpa dei treng for å fullføre opplæringa og på den måten oppnå ønska kompetanse. Teamet jobbar førebyggande, både individ- og systemretta.

Vi kan tilby arbeidsoppgåver der du som psykolog vil jobbe tett saman med andre yrkesgrupper og bidra med din psykologfaglege kompetanse. Ved å vere til stades på dei vidaregåande skulane bidrar du i fylkeskommunen sin styrka innsats for betre gjennomføring.

Psykologane skal samarbeide tett med kommunane gjennom skulehelsetenesta.
Stillingane vert lagt til den fylkeskommunale OT/PPT-tenesta, men vil ha definerte oppgåver på dei vidaregåande skulane. Psykologane har sin arbeidsarena på skular og må kunne bevege seg mellom fleire skular.

Arbeidsoppgåver

  • Individretta arbeid; ha kontakt med enkeltelevar og elevgrupper
  • Drive gruppeverksemd
  • Tilvise til behandling i spesialisthelsetenesta der dette er naudsynt
  • Rettleie og kurse lærarar og anna personale
  • Tilby skulane kompetanseutvikling innanfor psykisk helse
  • Samarbeide med andre aktuelle instansar

Personlege eigenskaper

  • Personlege eigenskapar bil bli tillagt stor vekt, og vi søkjer deg som er motivert, utviklingsretta og utprega gode kommunikasjonsevner. Liker arbeidsoppgåver retta mot både individ og system. Liker å jobbe sjølvstendig og i team. Er ansvarsfull og fleksibel.

Kvalifikasjonar

  • Cand. Psychol.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge
  • Det er ei føremon med sertifikat
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Til denne stillinga er det ein føresetnad for tilsetjing at det blir lagt fram politiattest.

Følgjande blir tilbydd

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Rettleiing
  • Tilknyting til eit godt fag- og arbeidsmiljø i OT/PPT. Frå 01.01.2020 blir Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune slått saman til Vestland fylkeskommune. Det kan bli gjort endring i organiseringa av arbeidet i samband med dette. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Line Brudvik Myhr
Line Brudvik Myhr
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Janne Lisen Ringdal Strøm
Janne Lisen Ringdal Strøm