Prosjekteringsleiar spor - Bybanen Utbygging

Bybanen Utbygging er ein prosjektorganisasjon med ansvar for erverv, prosjektering og bygging av Bybanen i Bergen - frå vedtatt reguleringsplan til overlevering av ferdig bane til driftsorganisasjonen Bybanen AS. Vi har i dag kontor på Kronstad i Bergen, er ca 75 medarbeidarar, og rapporterer direkte til Fylkesrådmannen.

Kan du balansere det å arbeide i eit tverrfagleg team med evne til å arbeide sjølvstendig og å vere ein pådrivar? Ser du løysingar og har stor gjennomføringsevne? Då kan du vere den rette kandidaten for Bergen sitt
viktigaste samferdsleprosjekt når vi no i samband med bygging av bybane til Fyllingsdalen søkjer prosjekteringsleiar spor.

Arbeidsoppgåver

  • Sporentreprisen til Fyllingsdalen består i legging av ca 10 km dobbeltspor av forskjellige typer. Fleire ulike grunnentrepriser vil forestå underbygging.
  • Sporbygging starter i 2020, i forkant av dette vil prosjekteringsleiar bistå og følge opp utarbeiding av arbeidsgrunnlag. I byggeperioden vil Prosjekteringsleiar avklare og følge opp prosjekteringsunderlaget underveis og ha dialogen med våre prosjekterende og vil i det daglege følgje opp prosjektering, grensesnitt med andre system/fagfelt, bygging og testing/idriftsetting.
  • For Bybanens byggetrinn 5 til Åsane vil prosjekteringsleier bli tidlig involvert og være med på å påverke sportekniske val i forkant av oppstart av prosjektet.

Personlege eigenskaper

  • Vår prosjekteringsleiar spor skal framfor alt evne å finne gode praktiske løysingar og sørge for gode samhandling og gode resultat med våre prosjekterende. Stillinga krev derfor ein person med gode samarbeidsevner, ein tydeleg kommunikator som vågar å vere tøff og samtidig utvise fleksibilitet. Kommersiell forståelse er her eit viktig moment. Du må evne å sjå heilskapen i Bybaneprosjektet og kunne følgje opp prosjekterende på ein måte som balanserar kvalitet, økonomi og framdrift på ein best mogleg måte.
  • Som fagansvarleg spor vil du sette premisser for tekniske løysingar og kommunisere med driftsorganisasjonen og andre interresenter ,samt bistå i utrednings og planleggingsarbeid for framtidige byggetrinn

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på ingeniørnivå eller tilsvarande relevant erfaring.
  • 5-10 års erfaring innan relevante fagfelt innan jernbanetekniske fag. Alternativt kan erfaring innan samferdselsfag telje positivt. Erfaring frå prosjektering av jernbaneprosjekt eller samferdsleprosjekt, samt erfaring med BaneNors tekniske regelverk og NS8405 eller NS8406 vil telje positivt.
  • Kjennskap til dei mest kjende DAK-verktøy - kunnskap om Gemini terreng vil telje positivt.
  • Må kunne kommunisere på norsk og engelsk

Følgjande blir tilbydd

  • Løn etter avtale.
  • Eit godt og utfordrande fagleg miljø.
  • Arbeid som gir resultat og samfunnsnytte.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Terje Simmenes
Terje Simmenes