Planleggarar - planlegging og prosjektering av veg og infrastruktur i Vestland - Vestland fylkeskommune - avdeling for infrastruktur og veg

Frå 2020 overtar Vestland fylkeskommune ansvaret for fylkesvegnettet i heile Vestland fylke. Vi set no saman eit spennande team av  dyktige fagfolk frå alle kantar av det nye fylket for å løyse denne viktige samfunnsoppgåva. Til saman skal vi rekruttere 100 medarbeidarar i ei rekke ulike fagfelt. Medarbeidarane vil ha arbeidsstad i Leikanger, Bergen, Førde, Odda, Voss og Nordfjordeid. Vi treng deg som har kompetanse innan vegplanlegging, prosjektering, drift og vedlikehald av veg, samt fleire fagområde. Bli med frå starten og sett ditt preg på ei ny avdeling for å gi det nye fylket gode og trygge vegar og god infrastruktur.

Planlegging og Utbyggingsseksjonen har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, g-s vegar, tunnelar og bruer i Vestland
fylkeskommune. Seksjonen dekker alle fagområde knytt til dette arbeidet;
planlegging, prosjektering, grunnerverv, landmåling, geologi, geoteknikk og
utbygging/byggherre. Byggherre miljøet er delt i 3 geografiske einingar,
Prosjekt Nord (Sogn og Fjordane), Prosjekt Sør (Hordaland) og Prosjekt Bergen.

Arbeidsoppgåver

  • Planleggingsleiar 
    2 stillingar lokalisert anten i Leikanger eller Bergen. Næraste leiar er Wilhelm Lund

    • Leie gjennomføring av planprosjekt etter plan- og bygningslova
    • Vere prosjektleiars næraste medarbeidar i utarbeiding av kommunedelplanar og reguleringsplaner
    • Styre prosjektgruppa samt levere rett kvalitet til rett tid iht prosjektbestilling
    • Ved behov for konsulentbistand vil du bl.a. bidra til å utarbeide kravspesifikasjonar, innhente og evaluere tilbod, økonomi-oppfølging, styring og kvalitetssikring av leveransar
    • Det vil vere   ønskeleg med kompetanse innan prosessleiar anslag.

    Vegplanleggar
    4 stillingar anten i Leikanger eller i Bergen. Næraste leiar er Wilhelm Lund

    • Planlegging av vegprosjekt iht. plan og bygningslova
    • Utarbeiding av modeller og tegninger i planfase
    • Innhente, kvalitetsikte, følgje opp og koordinere faglege delbidrag og ressursar som er nødvendig for planprosessen
    • Oppgåvene kan variere frå mindre kollektivtiltak, kompliserte byprosjekt til større strekningsvise vegprosjekter

    Landskapsplanleggar
    1 stilling anten i Leikanger eller Bergen. Næraste leiar er Wilhelm Lund

    • Planlegging av vegprosjekt iht. plan og bygningsloven
    • Innhente, kvalitetsikte, følge opp og koordinere faglege delbidrag og ressursar som er nødvendig for planprosessen
    • Oppgåvene kan variere frå mindre kollektivtiltak, kompliserte byprosjekt til større strekningsvise vegprosjekt

    Vegplanleggar - prosjektering
    3 stillingar i anten Leikanger eller Bergen. Næraste leiar er Annicke B Monsen

    • Utarbeiding av konkurransegrunnlag (modell/teikningar) for byggefase
    • Innhente, kvalitetsikte, følgje opp og koordinere faglege delbidrag og ressursar som er nødvendige for planprosessen
    • Oppgåvene kan variere frå mindre kollektivtiltak,kompliserte byprosjekt til større strekningsvise vegprosjekter.

    Planleggar bru
    4 stillingar anten i Leikanger eller i Bergen. Næraste leiar er Annicke B Monsen

    • Planlegging og prosjektering konstruksjonar
    • Utarbeiding av konkurransegrunnlag (modell/tegninger) for byggefase
    • Innhente, kvalitetsikte, følgje opp og koordinere ressursar som er nødvendig for prosessen
    • Oppgåvene kan variere fra mindre kollektivtiltak, kompliserte byprosjekt til større strekningsvise vegprosjekter

Personlege eigenskaper

  • Vi er ute etter medarbeidarar som er fleksibel, sjølvstendig, har gode samarbeidsevner, er løysingsorienterte og som har god gjennomføringsevne.

Kvalifikasjonar

  • Relevant teknisk utdanning frå universitet eller høgskule. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå kvalifikasjonskravet.

    Du må ha førarkort klasse B, i særskilte tilfelle kan krav om førarkort fråvikast. 

    Særlege krav for planleggingsleiar

    • Det er ein fordel med erfaring frå prosjektleiing, erfaring frå samferdslesektoren og planlegging etter plan- og bygningslova

    Særlege krav for vegplanleggar, planleggar bru og landskapsplanleggar

    • Det er ein fordel med erfaring frå planlegging og dimensjonering av veganlegg, herunder veg- og gateutforming og handtering av overvatn.
    • Relevant IKT-kompetanse i bl.a. AutoCAD, Novapoint og 3D-verktøy

Følgjande blir tilbydd

    • Ei faglig utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
    • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø  
    • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
    • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 

    Andre opplysningar 

    Av praktiske årsaker har vi samla fleire stillingar i kvar annonse. Når du søker på stillinga spør vi deg

  • om kva stilling du primært søker på, og kva arbeidsstad du vil ha. Vi spør deg
  • også om du er interessert i andre stillingar og andre arbeidsstader. Dersom det
  • er spesifikke andre stillingar du er interessert i, gi gjerne også beskjed om
  • dette i søknaden din. Dersom du har spørsmål til stillingane, ta kontakt med
  • den leiaren som står oppgitt på di stilling. Om du har spørsmål om tilsetjingsprosessen, kontakt Ruben Nordvik på telefon 969 43 099.

Om arbeidsplassen

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Annicke B Monsen
Annicke B Monsen
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Wilhelm Lund
Wilhelm Lund