Miljøterapeut - Slåtthaug vgs

Slåtthaug videregående skole ligg i naturskjønne omgivnader nær Nesttun sentrum. Det er kort veg til buss- og bybanestopp. Skolen har omtrent 500 elevar fordelt på utdanningsprogramma HO,BA,EL,TIP og almennfagleg påbygging. Slåtthaug vidaregåande skule har som mål å vere prega av kunnskap og læring, trivsel og gjensidig respekt. Alle elevar og tilsette skal oppleve at dei er inkludert i skulen sitt sosiale miljø. Det skal vere aksept for at alle utdanningsvegar er likeverdige.
Vi søkjer etter ein miljøterapeut som primært vil ha arbeidsoppgåver knytte til overordna del av læreplanverket.

Arbeidsoppgåver

  • Demokrati og medborgarskap 

    • Ansvar for oppfølging av elevrådet og russen
    • Hovudansvar for organisering av humanitær aksjon 

    Folkehelse og livsmeistring 

    • Hjelpe elevane med å tileigne seg kompetanse som fremjar god psykisk og fysisk helse, og som rustar dei til å ta ansvarlege livsval.
    • Utarbeide og gjennomføre tiltak for å sikre godt skule- og klassemiljø.
    • Støtte elevar i læringsarbeid i og utanfor klasserommet.
    • Samarbeide med føresette og institusjonar.       

    Bærekraftig utvikling 

    • Hjelpe elevane med å utvikle kompetanse som gjer dei i stand til å ta ansvarlege val og handle etisk og miljøbevisst.  

Personlege eigenskaper

    • Du likar varierte arbeidsdagar og høgt tempo
    • Du byggjer gode relasjonar til dei du samhandlar med
    • Du brenn for og er interessert i vere saman med ungdommar
    • Du er eit ja-menneske og har positiv innstilling
    • Du jobbar godt saman med andre
    • Du tar initiativ og kan jobbe sjølvstendig
    • Personlege eigenskapar blir vektlagt ved tilsetjing

Kvalifikasjonar

    • Bachelorgrad som t.d. sosionom, vernepleiar, spesialpedagog eller anna relevant universitets/høgskoleutdanning
    • Erfaring med og kunnskap om elevar med særskilte behov
    • Erfaring i arbeid med elevar med utagerande/avvikande åtferd (t.d. ART)
    • Kjennskap til skulen og skulen sine samarbeidspartnarar
    • Den som skal tilsetjast i videregående skole må leggje fram politiattest.

Følgjande blir tilbydd

    • Eit godt fagleg og sosialt miljø
    • Gode kontorplassar
    • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

    Andre opplysningar 

    • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort
    • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader 

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Lena Sanden
Lena Sanden