Miljøfagarbeidar / Miljøterapeut - Årstad vgs

Årstad vidaregåande skule i Bergen er ein av dei største vidaregåande skulane i Hordaland. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 4 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studieførebuande løp, samt innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar. Skulen skal være ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø.

Vi har ledig stilling som miljøfagarbeidar/miljøterapeut på avdeling for helse- og oppvekstfag.

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga er i stor grad knytta opp mot ein elev med sterk synshemming og andre tilleggsvanskar. Eleven har behov for mobilitetstrening.

Personlege eigenskaper

  • Vi søkjer ein som evner å behalde humør og ro i tidvis krevjande situasjonar.
  • Gode evner til å kommunisere, rettleie og motivere.
  • Gode evner til samarbeid og jobbe i team.
  • Systematisk og nøyaktig.
  • Sterk personleg og fagleg integritet.
  • Kunne arbeide sjølvstendig.

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskjeleg med fagkompetanse innan helse- og oppvekstfag
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid med menneske med synshemming.
  • Det er ønskjeleg med kunnskapar om IKT-hjelpemiddel for synshemma.
  • Det er ønskjeleg med erfaring med mobilitetstrening.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk.
  • Godt fag- og arbeidsmiljø.
  • Moderne undervisningsanlegg.
  • Det er særskilte lønsvilkår for miljøfagarbeidarar. Stillinga har redusert lønsprosent då ho følgjer skuleruta.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Torunn H Rugesæter
Torunn H Rugesæter