Miljøfagarbeidar - Hardanger produksjonsskule - Hjeltnes

Hordaland fylkeskommune har som mål å auke gjennomføringa av vidaregåande opplæring. Ei viktig satsing i dette er å få ungdom som har falt ut av idaregåande opplæring, tilbake til opplæringa. Dette arbeidet skjer i regi av ppfølgingstenesta i Hordaland fylkeskommune. Eit tiltak for å nå dette målet er å opprette ein produksjonsskule med heildøgnsdrift på Hjeltnes i Hardanger frå hausten 2018. Målgruppa er ungdom mellom 16 og 21 år som har falt ut av vidaregåande opplæring og som treng ein veg inn igjen.

Gjennom deltaking på skulen skal ungdomen få danning og kvalifisering gjennom ein produksjon, lære om arbeidslivet sine spelereglar, få opplæring i grunnleggjande ferdigheitar etter behov og naudsynt rådgiving. Tiltaket er basert på praktisk arbeid og produksjon knytt til ulike utdanningsprogram og skal styrke deltakarane si personlege utvikling og betre deira moglegheit i utdanningsløpet.

Arbeidsoppgåver

  • Me søkjer miljøfagarbeidar i full stilling til Hardanger produksjonsskule. Arbeidstida til stillinga er delt mellom dag og kveld. På dagtid vil du vere knytt til i verkstaden "Digital verkstad - spelutvikling", Det er derfir ein fordel at du har erfaring/kunnskap/interesse knytt til å arbeide kreativt på ein digital plattform.
  • På ettermiddag/kveld er du med å skape eit trygt og godt ungdomsmiljø på internatet.

Personlege eigenskaper

  • Sterkt engasjement for arbeid med ungdom.
  • Evne til å kommunisere med brukargruppa og skape triveleg og inkluderande arbeids- og læringsmiljø.
  • Initiativrik og fleksibel.

Kvalifikasjonar

  • Ynskjeleg med utdanning innan barne- og ungdomsarbeidarfaget og/eller erfaring med arbeid med ungdommar.
  • Ynskjeleg med bilsertifikat for å kunne ha aktivitetar utafor skulen
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Hardanger produksjonsskule har personalbustad og kantine på skulen.
  • Løn etter fylkeskommunale regulativer med gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Baste Bruarøy
Baste Bruarøy
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Håkon Gjerde
Håkon Gjerde