Miljøarbeidarar - Olsvikåsen vgs

Olsvikåsen vgs opna i 2006 og er ein spanande arbeidsstad med rom for kreativitet og med fokus på mangfold og mestring.Skolen ligg i Olsvik, med gode offentlege kommunikasjonar til alle delar av Bergen. Skolen har om lag 600 elevar fordelt på fem utdanningsprogram: Studiespesialiserande, KDA (kunst, design og arkitektur), helse- og oppvekstfag, helse - og oppvekstfag m/studiespesialisering og særskilt tilpassa opplæring. I tillegg tilbyr skolen påbygging til generell studiekompetanse og basket på elitenivå. Skolen har vekslingsmodellen som eit pilotprosjekt innan helse- og oppvekstfaga

Olsvikåsen vgs har 3 ledige miljøfagarbeidarstillingar med oppstart i 2019.

Arbeidsoppgåver

  • Stilling1 80 %: Miljøfagarbeidaren vil pr. i dag vere knytt til elevar på kvardagsliv. Den som vert tilsett vil gå inn i ei engasjert faggruppe på om lag 18 personar. I det daglege arbeidet er det 4-6 personar som jobbar tett saman. Arbeidsoppgåvene inneber mellom anna å fylgje opp elevar i ulike læringssituasjonar, gje elevar støtte og omsorg, i nært samarbeid med pedagogar og andre fagarbeidarar.
  • Stilling 2 80 %: Miljøfagarbeidaren vil pr. i dag vere knytt til elevar i produksjonskjøkenet og i kantina. Den som vert tilsett vil gå inn i ei engasjert faggruppe på om lag 18 personar. I det daglege arbeidet er det 4-6 personar som jobbar tett saman. Arbeidsoppgåvene inneber mellom anna å fylgje opp elevar i ulike læringssituasjonar, gje elevar støtte og omsorg, i nært samarbeid med pedagogar og andre fagarbeidare. Det er ønskjeleg med kunnskaper og praktiske ferdigheiter innan kantine/restaurant - og matfag.
  • Stilling 3 80%: Miljøfagarbeidaren vil pr. i dag vere knytt til elevar på programområdet kunst, design og arkitektur. Arbeidsoppgåvene inneber mellom anna å fylgje opp elevar i ulike læringssituasjonar, gje elevar støtte og omsorg, i nært samarbeid med pedagogar. Miljøfagarbeidaren bør ha kompetanse og erfaring frå arbeid med ungdom, samt vere god til å byggje relasjonar til elevane. Det er også en fordel at miljøfagarbeidaren kan stå i vanskelege situasjoner over tid. Det er ønskjeleg med kunnskaper og praktisk erfaring med ungdomar innan samansette lærevanskar.
  • Viktig at du seier noko om kva for ei stilling du søkjer i søknaden.

Personlege eigenskaper

  • Personlege eigenskapar og gode kommunikasjonsevner vil bli lagt særlig vekt på ved tilsetjing. Elevane er framtida vår. Den vi tilset må ha godt lag med ungdom, vera vennleg, tydeleg og strukturert. Vi treng ein kollega med godt humør, positiv innstilling og ynskje om å skape eit godt fagmiljø saman med andre i tilrettelagt teamet og på skolen. Det er ynskjeleg å vite noko om motivasjonen din for søknaden, og korleis du bruker din yrkeskompetanse til å gje elevar god og trygg omsorg og veiledning. Arbeidsoppgåvene krev at du har god fysisk helse.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter personar med miljøfagleg kompetanse retta mot ungdom med ulike lærevanskar
  • Gode språklege kvalifikasjonar i norsk
  • Fordel med erfaring frå opplæringssituasjonar
  • Gje helst opp to referansar: Ein overordna og ein sideordna
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Tilrettelagt avdeling har eit godt spesialpedagogisk miljø der du vil vere ein viktig medarbeidar. Personalet er satt saman av sjølvstendige medarbeidarar som gjer kvarandre gode. Vi legg til rette for god fagleg utvikling gjennom mellom anna kurs, tett samarbeid med kollegaer, og påfyll av pedagogikken: Aktiv kvardag og konsekvenspedagogikk..
  • For stillingane gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
  • Gode forsikringsordningar
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Helge Øvrebotten Andersen
Helge Øvrebotten Andersen