Miljøarbeidar - Stend Vgs

Stend vidaregåande skule har 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, service og samferdsel, almennfagleg påbygging og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 170 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr.

Vi har ledig ei fast stilling og to vikariat som miljøarbeidarar i 80% stilling på avdeling for tilrettelagt opplæring.

Arbeidsoppgåver

  • Stend vidaregåande skule har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan Yrkesfaglig grunnutdanning, Arbeidstrening og Kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak.
  • Desse stillingane vil ha oppgåvene sine knytt til elevar på yrkesfagleg grunnutdanning og arbeidslivstrening .

Personlege eigenskaper

  • Vi søkjer etter utåtvente og samarbeidsvillige personar som kan jobbe i team og utføre sjølvstendig arbeid i tråd med pedagogiske planar.
  • Har kompetanse og erfaring frå arbeid med ungdom og som er god til å byggje relasjonar til elevane, men samstundes kan stå i vanskelege situasjoner over tid.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer personar med miljøfagleg kompetanse retta mot ungdom med lære- og åtferdsvanskar.
  • Interesse for, og høg motivasjon for å drive miljøarbeid med elevar med samansette vanskar og til tider utagerande åtferd.
  • Det er ønskjeleg med kunnskapar og praktiske ferdigheiter innan naturbruk
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg variasjon, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
  • Avdelinga arbeider med referanse til konsekvenspedagogikk
  • For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Tom J K Irgan
Tom J K Irgan