Miljøarbeidar - Årstad vgs

Årstad vidaregåande skule i Bergen er ein av dei største vidaregåande skulane i Hordaland. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 4 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studieførebuande løp, samt innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar. Skulen har også ei avdeling for tilrettelagt opplæring. Skulen skal være ein stad der alle elevar skal finne eit godt og inkluderande læringsmiljø.

Auka fullføring og læringsutbytte er eit av hovudmåla for Årstad vgs. Eit viktig satsing område for å nå desse måla, er å sikre alle elevane eit godt skulemiljø der elevane trivast, kjenner seg trygge og inkludert i miljøet.
Skulen vil etablere eit miljøarbeidarteam som skal være med å skape eit godt skulemiljø.
Vi søker etter miljøarbeidarar som kan jobbe saman i skulens miljøarbeidarteam.

Arbeidsoppgåver

    • Miljøarbeidarteamet skal vere lett tilgjengeleg og synleg i skulemiljøet
    • Være ein tydeleg og trygg vaksen.
    • Ha god oversikt og kontakt med elevar, både enkeltvis og grupper.
    • Informere om hendingar som er viktig for vidare oppfølging til elevtenesta v/leiar.
    • Arbeide med konflikthandtering, i klassar og eventuelt mellom elevar og grupperingar.
    • Være med å organisere sosiale aktivitetar i friminutt, og dessutan drive holdningsskapande arbeid på både gruppe- og individ nivå i samarbeid med elevrådet og elevtenesta.
    • Delta i møter internt og med eksterne samarbeidspartnarar /føresette.

Personlege eigenskaper

    • Vi søker ein som evner å behalde humør og ro i tidvis krevjande situasjonar.
    • Kunnskap, erfaring og evne til å kommunisere med ungdom med ulik kulturbakgrunn.
    • Gode evner til samarbeid og jobbe i team.
    • Evne til å opparbeide respekt blant gutar og jenter i i alderen 15-19 år.

Kvalifikasjonar

    • Kunnskap om ungdomskultur og god kjennskap til ungdomsmiljø utanfor skulen.
    • Krav om politiattest og plettfri vandel.

Følgjande blir tilbydd

    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
    • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk.
    • Godt fag- og arbeidsmiljø.
    • Det er særskilte lønsvilkår for miljøarbeidarar. Stillinga har redusert lønsprosent då ho følgjer skuleruta.
    • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Sissel Næsheim Riise
Sissel Næsheim Riise