Leiar strategi og organisasjon - Skyss - Kringom

Arbeidsoppgåver

  • Leiar for strategi og organisasjon vil rapportere til direktøren for den nye kollektiveininga.

    Stillinga får eit overordna ansvar for strategiske prosesser og å sikre heilskapeleg strategisk retning for organisasjonen, organisasjonsutvikling og intern og ekstern kommunikasjon/PR.

    Stabsleiaren er øvste leiar for avdeling for strategi og organisasjon som vil ha om lag 6-8 tilsette. Avdelinga skal sikre gode stabstenester til heile organisasjonen. Som leiar for strategi og organisasjon vil du ha eit særlig ansvar for å samkjøre arbeidet i dei ulike avdelingane, og leie og koordinere strategiarbeid og strategiprosesser i kollektiveininga.

    Samtidig har du ei viktig rolle i kontakten med politisk nivå og i dialog med vestland fylkeskommunes eigarrepresentantar.

    Den nye kollektiveininga har kontorstader i Bergen, Leikanger og Førde. Fast arbeidsstad blir etter nærare avtale.

    Du må rekne med å måtte reise noko i samband med stillinga.

Personlege eigenskaper

    • Dyktig til å formidle til ulike målgrupper
    • Gode analytiske evner
    • Evne til å samarbeide og bygge nettverk
    • God organisasjonsforståing
    • Evne til å få gjennomslag for idear

Kvalifikasjonar

    • Høgre utdanning
    • Erfaring med strategisk arbeid i komplekse organisasjonar
    • Erfaring med prosjektleiing og prosjektstyring
    • Leiarerfaring og arbeid mot politisk nivå er ein fordel.
    • Det er ei fordel med erfaring frå relevante fagområde som organisasjonsutvikling, og/eller kommunikasjon

Følgjande blir tilbydd

    • Ei faglig utfordrande og spanande stilling med stor samfunnspåverknad
    • Være med å påverke kollektivtrafikken i heile Vestland fylke
    • Ein sentral samarbeidspartnar for direktøren som har kontakt med heile organisasjonen
    • Du får moglegheit til å forme di eiga rolle og avdelingas arbeidsmåtar, saman med direktøren.
    • Kontakt med hele kollektivfeltet internt og eksternt og politisk
    • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

    Andre Opplysningar

    Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk. Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

    vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Vil du vere med på å forme Vestland fylke si kollektivverksemd for framtida? Skyss og Kringom slår seg saman til ei ny kollektiveining frå 1.1.2020. Kollektivverksemda skal gjere regionen til ein betre stad å bu og leve ved å arbeide for at kollektive løysingar blir brukte så mykje som råd og for nullvekst i persontrafikken. Vi skal jobbe for eit best mogleg tilbod og best mogleg samanheng mellom buss, bybane, snøggbåt og ferje. Innovative løysingar og digitalisering kan òg integrere sykkel, bildeling og ferdsle til fots. Målet er å bidra til å gjere Vestland fylke betre gjennom eit fossilfritt transporttilbod. Velkomen på laget!

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Magnus Odeen
Magnus Odeen
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Målfrid Vik Sønstabø
Målfrid Vik Sønstabø