Leiar forvaltning Vestland utanom bergensområdet - Avdeling for infrastruktur og veg - Vestland fylkeskommune

Avdeling for infrastruktur og veg skal:
- gjennomføre planlegging, utbygging, drift og vedlikehald av om lag 5600 km fylkesveg
- ivareta fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar
- samordne aktørar med ansvar for trafikksikring i fylket
- ivareta heilskapleg utbygging av transportinfrastruktur i arbeidet med Nasjonal transportplan
- ha naudsynt beredskap i samband med hendingar på vegnettet

Stillinga er lagt til seksjon for forvaltning og utgreiing.

Eininga «forvaltning utanom bergensområdet» vil ha mellom 15 og 20 medarbeidarar. Det nøyaktige geografiske ansvaret til eininga blir avklart seinare. Sentrale oppgåve er
• uttale til arealplanar frå stat, kommunar og andre eksterne partar.
• handsaming av søknader etter veglova, (byggegrenser, avkjørsler, arbeidsvarsling, graveløyv, omklassifiseringssaker, trafikkteknikk og trafikktryggleik)
• handtering av søknader om fråvik frå krav i vegnormalar

Arbeidsstad kan vera Leikanger, Førde eller Voss. Tilsetting 1. januar 2020, men det kan vere aktuelt med glidande overgang.

Arbeidsoppgåver

  • forvaltningsoppgåver, inkl. søknader etter veglova i Vestland fylkeskommune utanom bergensområdet
  • å vere kontaktpunkt mot kommunar, private og verksemder i ulike forvaltningssaker på vegne av avdelinga
  • å sikre god samhandling med seksjonane på avdelinga og andre avdelingar i fylkeskommunen, t.d. i samband med planuttalar
  • personal-, resultat- og økonomiansvar innanfor sitt område

Personlege eigenskaper

  • sjølvstende
  • kommunikasjon (internt og eksternt)
  • samarbeidsevner, for å nå felles mål
  • løysningsorientert, skape resultat saman med andre
  • utviklingsorientert, dele kunnskap
  • gjennomføringsevne
  • evne til å skape tillit og aksept
  • omtanke for omgjevnadene og vere tilgjengeleg

Kvalifikasjonar

  • Vi krev:
  • relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år. Ved omfattande og relevant erfaring innan dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader, kan vi sjå vekk frå utdanningskravet
  • erfaring frå relevante forvaltningsoppgåver
  • Vi vektlegg:
  • leiarerfaring
  • erfaring frå arbeid med driftskontrakter
  • 4 år eller meir med relevant erfaring
  • høgare teknisk utdannimg (masternivå)
  • førarkort klasse B er ønskjeleg
  • munnleg og skriftleg framstillingsevne

Følgjande blir tilbydd

  • spanande arbeidsoppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
  • løn etter avtale
  • gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • fleksibel arbeidstid
  • Andre opplysningar:
  • administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • namna på stillingane i den nye fylkeskommunen er ikkje endeleg avklara slik at det kan skje endringar
  • vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Sogn og Fjordane og Hordaland går saman til Vestland fylkeskommune frå 1. januar 2020. Det nye fylket vil vere slagkraftig med fleire tenester og nærare 650 000 innbyggarar. Det nye fylket skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Dina Lefdal
Dina Lefdal