Leiar drift Vestland nord - avdeling infrastruktur og veg, Vestland fylkeskommune

Avdeling for infrastruktur og veg skal:
- gjennomføre planlegging, utbygging, drift og vedlikehald av om lag 5600 km fylkesveg
- ivareta fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar
- samordne aktørar med ansvar for trafikksikring i fylket
- ivareta heilskapleg utbygging av transportinfrastruktur i arbeidet med Nasjonal transportplan
- ha naudsynt beredskap i samband med hendingar på vegnettet

Stillinga er lagt til seksjon for vedlikehald, drift og beredskap. Arbeidsstad kan vera Leikanger, Eid eller Førde. Tilsetting 1. januar 2020.

Arbeidsoppgåver

  • drift av fylkesvegnettet og driftsberedskap i nordre del av fylket, med prosjektleiaransvar for driftskontraktar
  • utvikling av fagområdet i sin del av fylket, i samarbeid med seksjonssjef
  • personal-, resultat- og økonomiansvar innanfor sitt område
  • mellom 15-20 medarbeidarar

Personlege eigenskaper

  • sjølvstende
  • kommunikasjon (internt og eksternt)
  • samarbeidsevner, for å nå felles mål
  • gjennomføringsevne
  • evne til å skape tillit og aksept
  • munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • omtanke for omgjevnadene og vere tilgjengeleg

Kvalifikasjonar

  • Vi krev:
  • relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år. Ved omfattande og relevant erfaring innan dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader, kan vi sjå vekk frå utdanningskravet
  • Vi vektlegg desse kvalifikasjonane:
  • leiarerfaring
  • erfaring frå prosjektleiing
  • erfaring med driftskontraktar
  • 4 år eller meir med relevant erfaring
  • førarkort klasse B er ønskjeleg

Følgjande blir tilbydd

  • spanande arbeidsoppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
  • løn etter avtale
  • gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • fleksibel arbeidstid
  • Andre opplysningar:
  • administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • namna på stillingane i den nye fylkeskommunen er ikkje endeleg avklara slik at det kan skje endringar
  • vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Sogn og Fjordane og Hordaland går saman til Vestland fylkeskommune frå 1. januar 2020. Det nye fylket vil vere slagkraftig med fleire tenester og nærare 650 000 innbyggarar. Det nye fylket skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Dina Lefdal
Dina Lefdal