Leiar - TK Vest / avd Hordaland administrasjon

Er du klar for den mest spanande leiarjobben innan tannhelse i Noreg?
Vi søkjer rett person for 100% fast stilling som Leiar for Tannhelsetenesta Kompetansesenter (TK) Vest/Hordaland. Stillinga er ledig frå 01.08.2019.

Dei odontologiske kompetansesentra har som oppgåve å tilby spesialisttenester til innbyggjarane, og å bidra med å auke den faglege kompetansen i tannhelsetenesta i form av kurs og rådgjeving.
Som leiar på TkVest/Hordaland vil du vera sentral i vidareutviklinga av kompetansesenteret. Du vil ha eit overordna ansvar for å auke tilgangen til spesialisttenester i regionen, og til at senteret gir god fagleg rådgjeving til både offentleg og privat tannhelseteneste. Leiaren vil og ha ansvar for at kompetansesenteret driv med god forsking.
TkVest/Hordaland har ansvar for alle former for spesialistbehandling, for klinisk praksisnær forsking og deltek i spesiallistutdanninga. Tannhelsetenesta ved Haukeland universitetssjukehus, leppe-, kjeve-, gane-teamet og senter for odontofobi er ein del av kompetansesenteret. TkVest/Hordaland har 65 tilsette.

Arbeidsoppgåver

  • Leiar har det faglege og administrative ansvaret for TkVest/Hordaland, som er eit av seks tannhelsedistrikt innan tannhelsetenesta i Hordaland. Leiar er med i fylkestannlegen si leiargruppe. Leiar vil få budsjett- og personalansvar og ansvar for tilsettingar. Leiar vil få ein sentral funksjon i utviklinga av odontologisektoren i Vestland - og Noreg. Leiar vil ha tett samarbeid med leiarar av andre odontologiske kompetansesentra, og med nasjonale helsestyresmakter. Leiaren vil ha ansvar for søknader om statlege midlar til drift og forsking.

Personlege eigenskaper

  • Den personen vi søker må ha gode samarbeidsevner og dessutan vera løysings- og målorientert. Vedkomande må ha evne til å skape eit triveleg arbeidsmiljø og gode relasjonar.

Kvalifikasjonar

  • Tannlegeutdanning og norsk autorisasjon
  • Ønskjeleg med dobbelkompetanse – dvs spesialistutdanning og doktorgrad
  • Relevant etter- og vidareutdanning
  • Relevant leiarerfaring, særleg frå offentleg tannhelseneste
  • God kjennskap til spesialistarbeid – og interesse for praksisnær forsking
  • Evne til å vidareutvikle ein organisasjon med svært høg kompetanse
  • Røynsle med samhandling og dialog med sentrale helsestyresmakter
  • Brei klinisk røynsle
  • Den som skal tilsetjast i Tannhelsetenesta må leggje fram politiattest
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Løn etter avtale
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Hordaland fylkeskommune satsar mykje på leiarane, og har leiarprogram som skal utvikle og stimulere både nye og meir erfarne leiarar

Om arbeidsplassen

Tannhelsetenesta i Hordaland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved kompetansesenteravdelinga tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Hordaland. Tilsette i tannhelsetenesta i Hordaland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Arne Åsan
Arne Åsan