Lærling: Reinhaldsoperatørfaget - Hordaland fylkeskommune

Samla areal på Hordaland fylkeskommune sin eigedomsmasse er ca. 600 000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur og administrasjonsbygg.

Som lærling i reinhaldsoperatørfaget vil du i læretida få opplæring i vedlikehald av overflatar. Du vil få kjennskap til bruk av kjemikaliar og metodar, spesialreinhald i ulike typer bygg, og kunnskap om bruk av miljøvennlege løysingar.

Alle lærlingar blir tilsett i HR seksjonen og plassert ut på den enkelte skule eller avdeling i fylkeskommunen.

Opplæringsstaden kan bli endra i løpet av læretida slik at du når alle kompetansemåla læreplanen. Som lærling blir du tilsett på ein tidsavgrensa arbeidsavtale som varer fram til læretida er slutt.

Oppstart august 2019.

Arbeidsoppgåver

  • Oppgåver og opplæring innan heile læreplanen i reinhaldsoperatørfaget.

Personlege eigenskaper

  • Gode samarbeidsevner
  • Utviklingsorientert
  • IT-kompetanse

Kvalifikasjonar

  • Gjennomgått og bestått VG1 bygg og anleggsteknikk eller tilsvarande
  • Eventuelt også gjennomgått og bestått VG2 overflateteknikk eller bestått fellesfag på Vg1 og Vg2.
  • For å kunne arbeide ved våre vidaregåande skular må du leggje fram politiattest

Følgjande blir tilbydd

  • Lønn etter tariffavtale
  • Strukturert opplæring
  • Trygt fagleg miljø og oppfølging
  • Fagleg opplæring og utvikling i samsvar med læreplanen for faget
  • Fagprøve ved slutten av læretida

Om arbeidsplassen

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Frank Halhjem
Frank Halhjem