Lærling: Kontor- og administrasjonsfaget - Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune er ein av landets største lærebedrifter innan kontor- og adminstrasjonsfaget. Fylkeskommunen har over 4500 tilsette, 17 000 elevar i vidaregåande opplæring, 1300 vaksne i opplæring og 1200 studentar på fagskule.

Som lærling i HFK vil du ha ei spennande læretid med oppgåver innan heile faget. Alle lærlingar blir tilsett i HR seksjonen og plassert ut på den enkelte skule eller avdeling i fylkeskommunen.

Læreplassane i år fordeler seg på fylkesadminstrasjonen, Skyss, Åsane vgs, Amalie Skram vgs og Knarvik vgs. Opplæringsstaden kan bli endra i løpet av læretida slik at du når alle kompetansemåla læreplanen.

Opplæringsstaden kan bli endra i løpet av læretida slik at du når alle kompetansemåla læreplanen. Som lærling blir du tilsett på ein tidsavgrensa arbeidsavtale som varer fram til læretida er slutt.

Oppstart august 2019.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid og opplæring innan heile læreplanen i kontor- og administrasjonsfaget.

Personlege eigenskaper

  • Gode samarbeidsevner
  • Utviklingsorientert
  • IT-kompetanse

Kvalifikasjonar

  • Gjennomgått og bestått VG1 service og samferdsel eller tilsvarande
  • Gjennomgått og bestått VG2 sal, service og tryggleik eller tilsvarande
  • For å kunne arbeide ved våre vidaregåande skular må du leggje fram politiattest

Følgjande blir tilbydd

  • Lønn etter tariffavtale
  • Strukturert opplæring
  • Trygt fagleg miljø og oppfølging
  • Fagleg opplæring og utvikling i samsvar med læreplanen for faget
  • Fagprøve ved slutten av læretida

Om arbeidsplassen

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Frank Halhjem
Frank Halhjem