Lærling: IKT-servicefaget - Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune er ein av landets største lærebedrifter innan IKT servicefag, og du vil som lærling dra nytte av eit bredt spekter av arbeidsoppgåver samt instruktørar med spisskompetanse innan sine fagfelt.

Alle lærlingar blir tilsett i administrasjonen og plassert ut på den enkelte skule eller avdeling i fylkeskommunen, IT lærlingar er organisert i tre regionar.

Region Sør/Vest
Region Sentrum/Nord
Region Sunnhordland/Voss/Hardanger

Læreplassane vil ved oppstart vere fordelt på Bergen, Stord, Voss, Kvinnherad, Osterøy og Odda.

Opplæringsstaden kan bli endra i løpet av læretida slik at du når alle kompetansemåla læreplanen. Som lærling blir du tilsett på ein tidsavgrensa arbeidsavtale som varer fram til læretida er slutt.

Oppstart august 2019.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid og opplæring innan heile læreplanen i IKT servicefaget.

Personlege eigenskaper

  • Gode samarbeidsevner
  • Utviklingsorientert
  • IT-kompetanse

Kvalifikasjonar

  • Gjennomgått og bestått VG1 service og samferdsel eller tilsvarande
  • Gjennomgått og bestått VG2 IKT-servicefag
  • For å kunne arbeide ved våre vidaregåande skular må du leggje fram politiattest

Følgjande blir tilbydd

  • Lønn etter tariffavtale
  • Strukturert opplæring
  • Trygt fagleg miljø og oppfølging
  • Fagleg opplæring og utvikling i samsvar med læreplanen for faget
  • Fagprøve ved slutten av læretida

Om arbeidsplassen

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Frank Halhjem
Frank Halhjem