Lærling: Byggdriftarfaget - Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune har ein samla eigedomsmasse på over 600 000 m2 og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur og administrasjonsbygg.

Som byggdriftarlærling vil du vere med på å sørgje for drift og vedlikehald på våre bygg. Mykje av våre bygg har avanserte og automatiserte klimaanlegg som krev stor grad av teknisk kompetanse, det er difor viktig at du har interesse for teknisk drift.

Alle lærlingar blir tilsett i administrasjonen og plassert ut på den enkelte skule eller avdeling i fylkeskommunen.

To av læreplassane er ved start lokalisert i bergensregionen og ein er plassert på Stord med område Sunnhordland.

Opplæringsstaden kan bli endra i løpet av læretida slik at du når alle kompetansemåla læreplanen. Som lærling blir du tilsett på ein tidsavgrensa arbeidsavtale som varer fram til læretida er slutt.

Oppstart august 2019.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid og opplæring innan heile læreplanen i byggdriftarfaget

Personlege eigenskaper

  • Gode samarbeidsevner
  • Utviklingsorientert
  • Punktlig

Kvalifikasjonar

  • Gjennomgått og bestått Vg1 Bygg- og anleggsteknikk. Du vil og vere aktuelt dersom du har gjennomført elektrofag, men det kan medføre noko lengre læretid.
  • For å kunne arbeide ved våre vidaregåande skular må du leggje fram politiattest.

Følgjande blir tilbydd

  • Lønn etter tariffavtale
  • Strukturert opplæring
  • Trygt fagleg miljø og oppfølging
  • Fagleg opplæring og utvikling i samsvar med læreplanen for faget
  • Fagprøve ved slutten av læretida

Om arbeidsplassen

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Frank Halhjem
Frank Halhjem