Kontrollingeniør - vedlikehald av veg og infrastruktur - Vestland fylkeskommune - avdeling for infrastruktur og veg

Frå 2020 overtar Vestland fylkeskommune ansvaret for fylkesvegnettet i heile Vestland fylke. Vi set no saman eit spennande team av  dyktige fagfolk frå alle kantar av det nye fylket for å løyse denne viktige samfunnsoppgåva. Til saman skal vi rekruttere 100 medarbeidarar i ei rekke ulike fagfelt. Medarbeidarane vil ha arbeidsstad i Leikanger, Bergen, Førde, Odda, Voss og Nordfjordeid. Vi treng deg som har kompetanse innan vegplanlegging, prosjektering, drift og vedlikehald av veg, samt fleire fagområde. Bli med frå starten og sett ditt preg på ei ny avdeling for å gi det nye fylket gode og trygge vegar og god infrastruktur.

Seksjon for vedlikehald, drift og beredskap har ansvar for drift og vedlikehald av fylkesvegane. Driftsoppgåver er å følgje opp drifts-/elektroentreprenørane sitt arbeid og bestille tilleggsarbeid hjå desse, og syte for best mogleg framkomst på vegane. Vedlikehaldsoppgåver er bestilling og oppfølging av dekkelegging, bru/kaivedlikehald, tunneloppgradering og andre vedlikehaldsoppgåver. Dei viktigaste oppgåvene er planlegging av arbeid, utarbeiding av grunnlag for budsjettsøknader, oppfølging av entreprenør og økonomioppfølging innan tildelte midlar.

Arbeidsoppgåver

    • Utføre kontroll og oppfølging av kontraktsarbeid med fokus på teknisk kvalitet, SHA, mengdekontroll og måloppnåing
    • Utarbeiding av kontrollplanar
    • Gjennomgang og kontroll av entreprenørens gjennomføring av kontrakten
    • Kvalitets- og kostnadskontroll
    • Oppfølging av HMS ute på anlegget
    • Kontroll av dokumentasjon, samt å føre resultat  i vårt kvalitetssystem
    • Oppfølging av vedlikehaldskontraktar

Personlege eigenskaper

  • Gode kunnskapar i bruk av relevante IKT-verktøy. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Sjølvstendigheit og fleksibilitet.

     

Kvalifikasjonar

    •  Du har relevant utdanning frå fagskule eller høgskule, min. 2 år
    •  Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet
    •  Det er ønskeleg med erfaring frå anleggsverksemd eller vegdrift
    •  Erfaring med oppfølging av driftskontraktar/elektrokontraktar 
    •  Du må ha førarkort klasse B, i særskilte tilfelle kan krav om førarkort fråvikast.

Følgjande blir tilbydd

    • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
    • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø  
    • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
    • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 

    Andre opplysningar 

    • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
    • Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. 
    • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å stå på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid verte varsla før søkjarlista vert offentleggjort..
    • Om du har spørsmål om tilsetjingsprosessen, kontakt Ruben Nordvik på telefon 969 43 099.

Om arbeidsplassen

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Åsmund Andersen Sekse
Åsmund Andersen Sekse