Konsulent/førstekonsulent - Opplæringsavdelinga

Vikariatet er i opplæringsavdelinga seksjon fellestenester. Opplæringsavdelinga si førstelineteneste er ein svært viktig del av kontoret sitt ansikt utad, og det er i periodar mykje trafikk.

Det er ein fordel med kunnskap om vidaregåande opplæring. Interesserte må kunne dokumentere gode føresetnader for å arbeide i førstelineteneste. Stillinga fører med seg mykje kontakt med elevar, vaksne, skular, føresette og andre offentlege instansar.

Arbeidsoppgåver

  • Ekspedisjonstenester telefon og publikumsmottak
  • Handtering og arkivering av post i sakshandsamarsystem
  • Registreringsarbeid spesielt mot inntak til vidaregåande skule
  • Enklare sakshandsaming
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Personlege eigenskaper

  • Serviceinnstilt
  • Strukturert
  • Fleksibel
  • Nøyaktig
  • Påliteleg
  • Gode samarbeidsevner

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan kontor- og administrasjonsfaget
  • Eventuelt erfaring frå tilsvarande arbeid
  • Gode datakunnskapar
  • Administrasjonsmålet i Hordaland fylkeskommune er nynorsk, opplæring blir gitt om nødvendig
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Birthe Andersen Haugen
Birthe Andersen Haugen