Juristar/rådgjevarar - Fagopplæringskontoret

Ved opplæringsavdelinga er det ledig to faste stillingar som juristar/rådgjevarar.

Stillingane vil vere plassert ved Fagopplæringskontoret, men arbeidet vil omfatte heile feltet vidaregåande opplæring. Arbeidet inneber utstrakt kontakt med bedrifter, lærlingar, elevar, skular, organisasjonane i næringslivet og offentlege instansar. Personlege eigenskapar og evne til samhandling og dialog med andre vert vektlagt. Grundig kjennskap til partssamarbeidet og spelereglane i arbeidslivet er viktig.

Ved internt opprykk kan det bli ledig eit vikariat ut 2019.

Arbeidsoppgåver

  • Oppgåver knytt til juristfunksjon:
  • Du må halde oversikt over lov og forskrifter med endringar, nasjonale signal om lov forståing og leggje dette inn i våre rutiner
  • Handsame særleg kompliserte juridiske spørsmål, mellom anna i klagesaker
  • Utarbeide og vidareutvikle forsvarleg system for vurdering om krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte
  • Gi råd og hjelp til våre rådgjevarar, mellom anna med tolkingar av lovverk, særleg opplæringslova og forskrift til denne
  • Ha hovudansvaret for nasjonale høyringar innan vidaregåande opplæring
  • Rådgjeving overfor skular, lærebedrifter, elevar og lærlingar
  • Kvalitetssikring overfor skular, lærebedrifter, elevar og lærlingar
  • Sekretariatsfunksjon for klagenemndene
  • Stillinga krev kontakt med fylkesmannens utdanningsavdeling, juridiske fagmiljø, skular, bedrifter, opplæringskontor, organisasjonane i næringslivet og offentlege instansar
  • Oppgåver knytt til fagopplæring:
  • Oppfølging av opplæring i bedrift
  • Rådgjeving overfor lærebedrift og lærling
  • Opplæring av prøvenemnder, fagleg ansvarleg og instruktørar i bedrift
  • Statistikk og analyse
  • Førebu saker til Yrkesopplæringsnemnd og politiske utval
  • Godkjenning av læreverksemder
  • Handsame oppmeldingar til fag-/sveineprøver for lærlingar og
  • praksiskandidatar
  • Administrere fag-/sveineprøver
  • Utskriving av vitnemål
  • Stillinga fører med seg utstrakt kontakt med bedrifter, lærlingar, elevar, skolar, organisasjonane i næringslivet og offentlege instansar
  • Generell sakshandsaming innan alle arbeidsområde ved fagopplæringskontoret
  • Kvalitetsutvikling i fagopplæringa
  • Fylkesdirektør opplæring kan leggje andre oppgåver til stillinga og gjere endringar i arbeidsområdet

Personlege eigenskaper

  • Gode samarbeidsevner

Kvalifikasjonar

  • Ved tilsetting som jurist må du ha master i rettsvitskap eller juridikum. Rådgjevarstilling elles krev universitets-/høgskoleutdanning på nivå master/bachelor
  • Realkompetanse vil og bli vurdert.
  • God kunnskap om og røynsle frå offentleg forvaltning er ønskjeleg, spesielt kjennskap til opplæringslova med forskrift og andre lover og forskrifter som er sentrale for opplæringsverksemd.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Administrasjonsmålet i Hordaland fylkeskommune er nynorsk. Opplæring blir gitt om nødvendig

Følgjande blir tilbydd

  • Lønn etter avtale
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Torbjørn Mjelstad
Torbjørn Mjelstad