Juridisk rådgjevar - Bybanen Utbygging

Bybanen Utbygging er ein prosjektorganisasjon med ansvar for erverv, prosjektering og bygging av Bybanen i Bergen - frå vedtatt reguleringsplan til overlevering av ferdig bane til driftsorganisasjonen Bybanen AS. Bybanen Utbygging har i dag kontor på Kronstad i Bergen. I prosjektet er det ca 65 medarbeidarar. Prosjektleiinga rapporterer direkte til Fylkesrådmannen.

Bybanen Utbygging har no ledig ei fast stilling som juridisk rådgjevar.

Arbeidsoppgåver

  • Bybanen Utbygging er ein byggherreorganisasjon med mange og svært varierte juridiske utfordringar og oppgåver innan entreprise– og innkjøpsrett. Vår nye medarbeidar vil arbeide med juridiske problemstillingar innanfor entreprise, innkjøp, kontrakt, erstatning og forvaltning. Arbeidet inneber juridisk rådgiving til prosjekt- og byggeleiinga ved innkjøp og kontraktstyring mot rådgivarar og entreprenørar.
  • Du vil vere medarbeidar på seksjonen Juss og Kontrakt. Det er per i dag tre andre juristar og ein kontraktrådgjevar på seksjonen, i tillegg til leiar.

Personlege eigenskaper

  • Gode samarbeidsevner
  • Interesse for arbeid i tverrfaglege team
  • Løysningsorientert
  • Evne å ta avgjersler
  • Høg arbeidskapasitet
  • Gode analytiske og strategiske evner
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Trivast med eit høgt tempo

Kvalifikasjonar

  • Juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap
  • Minimum 3-5 års erfaring innan entreprise
  • Forhandlingskompetanse og erfaring frå forhandlingar mellom partar med ulike interesser
  • Ønskelig med erfaring innan erstatnings- og innkjøpsrett
  • God IKT-kompetanse

Følgjande blir tilbydd

  • Konkurransedyktig løn etter avtale
  • Varierte utfordringar og spennande arbeidsoppgåver
  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kolleger
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Ingri Hundhammer Smilden
Ingri Hundhammer Smilden