Internat-/kjøkkenassistent - Manger folkehøgskule

Manger folkehøgskule har ledig fast stilling som Internat-/kjøkkenassistent i 100 % stilling.
Stillinga er ei turnusstilling, med arbeid kvar tredje helg.
Oppstart etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåver er matproduksjon, servering, kundeservice, reinhald, mm.

Personlege eigenskaper

  • Me søkjer etter ein positiv, utadvent og serviceinnstilt medarbeidar. Du må ha gode samarbeidsevner, men også kunna ta ansvar og arbeida sjølvstendig med matproduksjon og andre praktiske arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar

  • Me søkjer etter personar med erfaring frå arbeid på storkjøkken.
  • Fagbrev som kokk er ynskjeleg, men ikkje eit krav.
  • Praktisk erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning.
  • Den som skal tilsetjast ved folkehøgskulen må leggja fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
  • Bedriftshelseteneste

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Margaret Sutherland Antrobus
Margaret Sutherland Antrobus