Informasjons- og kommunikasjonsrådgjevar - Bybanen utbygging

Bybanen utbygging er ein prosjektorganisasjon med ansvar for anskaffingar, prosjektering og bygging av Bybanen i Bergen - frå vedtatt reguleringsplan til overlevering av ferdig bane til driftsorganisasjonen Bybanen AS. Bybanen utbygging har i dag kontor på Kronstad i Bergen. I prosjektet er det ca 65 medarbeidarar. Prosjektleiinga rapporterer direkte til fylkesrådmannen.

Vi søkjer nå etter ein erfaren informasjons-/kommunikasjonsrådgjevar som kan handtere både dei enkle og dei mest krevjande kommunikasjonsutfordringane.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å vidareutvikle, forbetre og iverksetje strategi for informasjons- og kommunikasjonsarbeidet
  • Vidareutvikle den etablerte kommunikasjonsplanen, nettsider og vår bruk av digitale og sosiale media
  • I samarbeid med øvrige prosjektmedarbeidarar utforme bodskap, tekst, layout og grafikk til bruk i ulike typar informasjonsmateriell/ -kanalar
  • Delta i direkte dialog med naboar og andre råka, andre interessenter og vere ein ressurs som tilrettelegg for at den daglege kontakten og dialogen med naboar og andre berørte fungerer best mulig
  • Bidra aktivt til å samstemme Bybanen Utbygging sin informasjon med det som vert kommunisert frå Miljøløftet, HFK, Skyss, Bybanen AS, Bergen kommune

Personlege eigenskaper

  • Jordnær og gjennomføringsdyktig
  • God til å utarbeide og gjennomføre kommunikasjonsplanar
  • Har dokumentert evne til å samarbeide og til å trekkje på tilgjengelege ressursar
  • Bruker eit klart språk og gir tydelige vurderingar, råd og tilrådingar
  • Er oppdatert i medieutviklinga og ser moglegheiter i ulike kommunikasjonskanalar
  • Evner å forstå heilskapen i Bybaneprosjektet og er engasjert i utviklinga av Bergen og transportsystema i byen

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning og lengre erfaring innanfor fagområdet. Lang og relevant erfaring kan kompensere for krav til utdanning
  • Erfaring med operativ og strategisk kommunikasjons- og informasjonsrådgjeving.
  • God kompetanse på tekstutforming, språk, IT, web, grafisk design etc.
  • Erfaring med bruk av sosiale medium
  • Gode kunnskapar i nynorsk
  • God på skriftleg framstilling, språk og grafisk utforming
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Ei utfordrande stilling i ei verksemd med eit viktig og meiningsfullt samfunnsoppdrag, med varierte utfordringar og spennande arbeidsoppgåver
  • Konkurransedyktig løn etter avtale
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kolleger
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Rune Jenssen
Rune Jenssen
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Roger Skoglie
Roger Skoglie