IKT sikkerheitsrådgjevar - Strategisk utvikling og digitalisering, seksjon stab, Vestland fylkeskommune

Det er ledig fast stilling som IKT sikkerheitsrådgjevar i seksjon stab, avdeling strategisk utvikling og digitalisering. Stab har ansvar for å legge til rette for kommunikasjon og samhandling internt og eksternt, HR, økonomi, beredskap og IKT-sikkerheit. Som IKT sikkerheitsrådgjevar vil du få varierte og utfordrande oppgåver og ansvar på ein spanande arbeidsplass.

Arbeidsoppgåver

    • Jobbe sektorovergripande saman med rådgjevar for beredskap, og inn mot seksjonane IKT og digitalisering  Rådgjevar i IKT sikkerheitsspørsmål i linje og prosjekt.
    • Gjennomføre og følgje opp tekniske ROS-vurderingar.
    • Planlegge og gjennomføre aktivitetar knytt til informasjonssikkerheitsområdet; bidra til å bygge ein god sikkerheitskultur.
    • Fortløpande vurdere potensielle sårbarheiter og rapportere til leiinga.
    • Bidra i handtering av uønska hendingar og fasilitere IT-beredskapsøvingar.
    • Delta i utvikling av nye løysingar og kontinuerleg forbetring av eksisterande løysingar.
    • Sørge for at dokumentasjon er på riktig nivå og oppdatert.
    • Ansvar for implementering og vedlikehald av styringssystem for informasjonssikkerheit.

Personlege eigenskaper

    • Gode samarbeidsevner og kan jobbe sjølvstendig.
    • Løysings- og resultatorientert.
    • Strukturert og analytisk med stor gjennomføringsevne.
    • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Kvalifikasjonar

  • Utdanningsretning og nivå

    • Universitets-/høgskuleutdanning på minimum bachelornivå innan IT- og informasjonssikkerheit, IKT, samfunnssikkerheit og/eller tilsvarande.

     Ønska kvalifikasjonar

    • God kjennskap til informasjonssikring og personvern
    • Arbeidserfaring innan IKT-sikkerheit.
    • Kjennskap til CISSP, ISO 27001, CISA eller tilsvarande
    • Kjennskap til TOGAF og ITIL.
    • Vere fagleg oppdatert på trusselbilete og trendar innan IT-sikkerheit.

Følgjande blir tilbydd

    • Løn etter avtale
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
    • Fleksibel arbeidstid

    Andre opplysningar

    • Arbeidsstad: Leikanger eller Bergen/Sandsli
    • Det må påreknast noko reiseaktivitet mellom Bergen/Sandsli og Leikanger, men det daglege samarbeidet vil vere i digitale møterom.
    • Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
    • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

     

Om arbeidsplassen

Sogn og Fjordane og Hordaland går saman til Vestland fylkeskommune frå 1. januar 2020. Det nye fylket vil vere slagkraftig med fleire tenester og nærare 650 000 innbyggarar. Det nye fylket skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Anne-Kjersti Stavø Stenehjem
Anne-Kjersti Stavø Stenehjem