Grunnervervar og eigedomslandmålar - grunnerverv av infrastruktur og veg i Vestland - Vestland fylkeskommune - avdeling for infrastruktur og veg

Frå 2020 overtar Vestland fylkeskommune ansvaret for fylkesvegnettet i heile Vestland fylke. Vi set no saman eit spennande team av  dyktige fagfolk frå alle kantar av det nye fylket for å løyse denne viktige samfunnsoppgåva. Til saman skal vi rekruttere 100 medarbeidarar i ei rekke ulike fagfelt. Medarbeidarane vil ha arbeidsstad i Leikanger, Bergen, Førde, Odda, Voss og Nordfjordeid. Vi treng deg som har kompetanse innan vegplanlegging, prosjektering, drift og vedlikehald av veg, samt fleire fagområde. Bli med frå starten og sett ditt preg på ei ny avdeling for å gi det nye fylket gode og trygge vegar og god infrastruktur.

Planlegging og Utbyggingsseksjonen har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, g-s vegar, tunnelar og bruer i Vestland
fylkeskommune. Seksjonen dekker alle fagområde knytt til dette arbeidet;
planlegging, prosjektering, grunnerverv, landmåling, geologi, geoteknikk og
utbygging/byggherre. Byggherre miljøet er delt i 3 geografiske einingar,
Prosjekt Nord (Sogn og Fjordane), Prosjekt Sør (Hordaland) og Prosjekt Bergen.

Arbeidsoppgåver

  • Grunnervervar
    4 stillingar lokalisert i Bergen.

    • Vere grunnervervsleiar eller fagressurs grunnerverv i vegprosjekt
    • Erverv av areal og rettigheiter til bygging, drift og vedlikehold av veg
    • Delta i arbeid med reguleringsplanar
    • Verdsetting av eigedom og gjennomføring av forhandlingar med grunneigarar
    • Førebu og gjennomføre ekspropriasjonsvedtak, gjennomføre skjønn for domstolar
    • Oppfølging og grunneigarkontakt i anleggsfase og utbetaling av erstatningsoppgjer
    • Forvalte vegeigedomar, restarealer og eigedomar som er løyst inn i samband med grunnerverv

    Eigedomslandmålar
    4 stillingar i Bergen og 1 på Leikanger

    • Oppmåling av eigedomsgrenser for veggrunn basert på avtalar som er gjort
    • Gjennomføring og styring av oppmålingsforretning etter matrikellova
    • Representere vegeigar og ivareta eigedomsinteressene i eksterne oppmålingssaker, delingssaker og andre nabotilhøve
    • Eigedomsforvaltning
    • Ivareta ein stor kontaktflate mot private grunneigarar og offentlege instansar, spesielt kommunal oppmålingsmyndighet

Personlege eigenskaper

  • Vi er ute etter medarbeidar som er fleksibel, sjølvstendig, har gode samarbeidsevner, er løysingsorientert og som har god gjennomføringsevne.

Kvalifikasjonar

    • Relevant teknisk utdanning frå universitet eller høgskule. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege foresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå kvalifikasjonskravet.
    • Du må ha førarkort klasse B, i særskilte tilfelle kan krav om førarkort fråvikast.

    Særlege krav for grunnervervar

    • Du har master eller tilsvarande innanfor fagområde som eigedomsfag, planfag, eller juridiske fag

    Særlege krav for landmålar

    • Det er krav om utdanning frå universitet eller høgskule innan geomatikk
    • Erfaring fra eigedomsmåling, og kjennskap til Matrikkelen er ein fordel
    • Kjennskap til bruk av GPS og totalstasjon med tilhøyrande programvare

Følgjande blir tilbydd

    • Ei faglig utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
    • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø  
    • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
    • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 

    Andre opplysningar 

    Av praktiske årsaker har vi samla fleire stillingar i kvar annonse. Når du søker på stillinga spør vi deg

  • om kva stilling du primært søker på, og kva arbeidsstad du vil ha. Vi spør deg
  • også om du er interessert i andre stillingar og andre arbeidsstader. Dersom det
  • er spesifikke andre stillingar du er interessert i, gi gjerne også beskjed om
  • dette i søknaden din. Dersom du har spørsmål til stillingane, ta kontakt med
  • den leiaren som står oppgitt på di stilling. Om du har spørsmål om tilsetjingsprosessen, kontakt Ruben Nordvik på telefon 969 43 099.

Om arbeidsplassen

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Odd-Sverre Johansen
Odd-Sverre Johansen