GIS-rådgjevar - statistikk, kart og analyse - Strategisk utvikling og digitalisering, seksjon for statistikk, kart og analyse, Vestland fylkeskommune

Seksjon for statistikk, kart og analyse blir etablert i samband med samanslåinga til Vestland fylkeskommune, og skal vere i front på kommunale og regionale analysar for å stø fylkeskommunen som ein aktiv og kunnskapsbasert regional utviklingsaktør, og bidra til å løfte analyse- og kunnskapsproduksjonen både i kommunane og i dei andre fagavdelingane i fylkeskommunen.

Seksjonen får ei nøkkelrolle i koordinering, innsamling, handsaming, utvikling og formidling av kart- og statistikkarbeid i fylket. Viktige leveransar frå seksjonen vil vere kart- og statistikkforvaltning, befolknings- og bustadframskrivingar, kunnskapsgrunnlag til regionale planar og strategiar, kartlegging og oversikt over folkehelsa, og ei mengde oppdragsbaserte analysar og rapportar.


Seksjonen skal delta aktivt i nasjonale fagnettverk for statistikk, kart og analyse. Stillinga inngår i eit
team på to i seksjonen som har som formål å drifte, vedlikehalde, vidareutvikle
og bruke fylkeskommunen sine geografiske informasjonssystem, og koordinere
denne informasjonen med fylkeskommunen sin øvrige statistikk-, kart og
analyseproduksjon.

   

Arbeidsoppgåver

  • Særskilte oppgåver
    Drift og utvikling av GIS, herunder:
    Drift og vedlikehald av fylkeskommunen sine offentlege karttenester
    Drift og vedlikehald av data i filstruktur og database
    Vedlikehald og vidareutvikling av prosesseringsløyper for automatisert dataflyt
    Administrasjon av lisensar
    Administrasjon av organisasjonens Arcgis Online portal
    Kontakt med leverandørar
    Utføre oppdrag for fagavdelingar:
    Geografiske analysar og geoprosessering
    Lage tematiske kart
    Oppfølging og koordinering:
    Følgje opp viktige fagområde som kulturminneforvaltning, skuleskyss, kollektiv og samferdsel
    Koordinere organisasjonen sin bruk av GIS, og sjå heilskapen av behov og vere drivar for vidareutvikling innan fagfeltet
    Gjennomføre opplæring og brukarstøtte
    Representere fylkeskommunen i ulike utval under Norge Digitalt-samarbeidet, og i fylkeskommunalt GIS-nettverk.

    Felles oppgåver:
    Stillinga vil inngå i seksjonen sin daglege statistikk- og analyseproduksjon og -rådgjeving.   
    Oppgåver i seksjonen:  
    Faktainnhenting
    Spørjeundersøkingar
    Kvantitative og kvalitative analysar
    Publisering og presentasjon av statistikk og analysar
    Koordinering og kvalitetssikring av kunnskapsformidling frå andre avdelingar  
    Rådgjeving til interne og eksterne aktørar  

     

Personlege eigenskaper

  • Gode analytiske evner
    God formidlingsevne, munnleg og skriftleg
    Kreativ, løysingsorientert, metodisk allsidig: evne til å operasjonalisere problemstillingar i dialog med brukar
    Strukturert, nøyaktig og sjølvstendig

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning som inkluderer geomatikk og geografiske informasjonssystem, mastergrad eller høgare. Kravet til utdanning og utdanningsretning kan fråvikast for søkjarar som har særs god og relevant praksis.

    God teknisk innsikt
    Erfaring med Esri programvare portefølje, i sær Arcgis Desktop, Arcgis Pro, Arcgis Server og Arcgis Online
    Erfaring med Geocortex
    Erfaring med drift og konfigurasjon av web-GIS
    God innsikt i geografiske data og -databasestruktur
    Erfaring med geografiske analysar og framstilling av kartdata, også via nettløysingar
    Erfaring med programmeringsspråk (Python)
    Kjennskap til json, xml og html
    Kjennskap til Microsoft mssql database
    Kjennskap til Norge Digitalt og Geonorge.no                                                                                                                                                                                                                              Erfaring med handsaming og formidling av tekst, tal og grafikk vil bli vektlagd.  

     

Følgjande blir tilbydd

  • Stillingsnemning rådgjevar/spesialrådgjevar/seniorrådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring
    Løn etter avtale
    Gode forsikrings- og pensjonsordningar
    Fleksibel arbeidstid
    Faglege utfordringar og stimulerande arbeidsmiljø                                                                                                                                                                                                       Seksjonen har i dag fleire tilsette med ph.d., og fylkeskommunen vil kunne leggje til rette for offentleg-sektor ph.d. om det

  • skulle vere søkjarar med interesse for å ta ein ph.d. litt ut i karrieren.

    Andre opplysningar:
    Seksjonen vil ha kontor både i Bergen/Sandsli og Leikanger, og organisatorisk liggje i stabsavdeling for strategisk utvikling og digitalisering. Stillinga vil ha kontorstad Sandsli, saman med seksjonsleiar og ein analyserådgjevar, mens den andre GIS-rådgjevaren og analyserådgjevaren har kontorstad Leikanger saman med avdelingsdirektør. Litt reiseaktivitet mellom kontorstadane må påreknast, men det daglege samarbeidet vil vere i digitale møterom. Kontorstaden på Sandsli vil bli flytta til fylkeskommunen sitt nybygg i Bergen sentrum i 2023.

    Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.                                                                                                                                                                                                               Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
    Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

     

Om arbeidsplassen

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Stian Skår Ludvigsen
Stian Skår Ludvigsen