Fylkestannlege Vestland fylkeskommune -

Det nye tannhelsedistriktet vil ha meir enn 500 tilsette og 170.000 prioriterte pasientar. Våre leiarar går inn i nye roller, og vi søkjer difor etter ein ny fylkestannlege til å leie den offentlege tannhelsetenesta. Fylkestannlegen vil inngå i leiargruppa til fylkesdirektør for strategisk utvikling og digitalisering og vil vere øvste administrative og faglege leiar for tannhelsesektoren i Vestland fylkeskommune.

Fylkestannlegen skal leie arbeidet med å forene dei to tannhelsetenestene til ei fagleg sterk og effektiv tannhelseteneste som leverer gode resultat både på samfunnsnivå og for den einskilde pasient. Sentralt i dette er å bygge ein felles kultur og utnytte moglegheitene som samanslåinga skapar for utvikling av tenesta. Tannhelsetenesta skal være ein attraktiv arbeidsplass for dei fremste fagfolka på området.

Som leiar i fylkeskommunen må du ha forståing for heilskapen og bidra til tverrfagleg arbeid i tenesta. Du må identifisere deg med kjerneverdiane våre, open, kompetent og modig, og vere med på å motivere organisasjonen til å arbeide i tråd med desse.

Arbeidsoppgåver

    • Leie arbeidet med å skape den nye tannhelsetenesta i Vestland
    • Stryke dialogen med samarbeidspartnarar og skape gode relasjonar med kommunane og andre aktørar innan fagfeltet.
    • Sikre god tenesteproduksjon og levere resultat i samsvar med politiske vedtak
    • Vere ein pådrivar for utvikling og nyskaping.
    • Bygge ein sterk fellesskapskultur og eit godt arbeidsmiljø.
    • Sikre ei berekraftig økonomisk utvikling.
    • Ha eit overordna leiaransvar for dei tilsette i tenesta
    • Sikre god dialog og godt samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane og vernetenesta.

Personlege eigenskaper

    • Resultatorientert, initiativrik og handlekraftig
    • Strukturert og løysingsorientert innstilling
    • Sterk verdiforankring og høg etisk standard

Kvalifikasjonar

    • Leiarerfaring
    • Kompetanse innan økonomisk styring
    • God kjennskap til den offentlege tannhelsetenesta
    • God rolleforståing for samspelet mellom fag og politikk
    • Erfaring frå omstillings- og endringsprosessar
    • Tannlege med godkjend norsk autorisasjon

Følgjande blir tilbydd

    • Å vere med på å forme og utvikle ein av dei viktigaste samfunnsaktørane på Vestlandet, i eit miljø prega av høg kompetanse og engasjerte tilsette.
    • Løn etter avtale.
    • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.

    Andre opplysningar

    • Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
    • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
    • Namna på stillingane i den nye fylkeskommunen er ikkje endeleg avklara slik at det kan skje endringar.
    • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Sogn og Fjordane og Hordaland går saman til Vestland fylkeskommune frå 1. januar 2020. Det nye fylket vil vere slagkraftig med fleire tenester og nærare 650 000 innbyggarar. Det nye fylket skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.