Forskingsassistent - TK Vest / avd Hordaland Forskning

Ved Tannhelsetenesta kompetansesenter (Tk) Vest/Hordaland er det ledig 100% fast stilling som forskingsassistent.
TkVest/Hordaland er lokalisert på Årstadvollen, og har 66 tilsette. TkVest/Hordaland driver klinisk praksisnær forsking, epidemiologisk forsking og tenesteforsking. Forskingsavdelinga ved senteret søkjer etter ein forskingsassistent som kan bistå forskarane med gjennomføring av ulike prosjekt. Arbeidsgjevar vil vere Hordaland fylkeskommune.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i planlegging og gjennomføring av forskingsprosjekt ved senteret. Oppgåvene kan variere og er typisk innhenting av data eller bistand til koordinering av kliniske prosjekt

Personlege eigenskaper

  • Til stillinga ønskjer vi ein engasjert og utadvent medarbeidar med evne til å bidra til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Gode samarbeidsevnar
  • Evne til nøyaktigheit

Kvalifikasjonar

  • Tannpleiar eller tilsvarande bachelorutdanning
  • Søkjar må ha god kjennskap til offentleg tannhelseteneste og bruk av OPUS journalsystem
  • Evne til god munnleg og skriftleg framstilling
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar

Følgjande blir tilbydd

  • Løn etter avtale

Om arbeidsplassen

Tannhelsetenesta i Hordaland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved kompetansesenteravdelinga tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Hordaland. Tilsette i tannhelsetenesta i Hordaland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Ellen Berggreen
Ellen Berggreen