Faglærar/skipper på M/S Stø kurs - Austevoll vgs

Austevoll er ein yrkesfagleg, maritim vidaregåande skule. Me har studieretningane, vg1 Teknikk og industriell produksjon, vg1 naturbruk og vg1 helse og oppvekstfag, vg2 fiske og fangst, vg2 maritime fag (matros/motormann) og vg2 akvakultur. Inneverande skuleår har me ca. 150 elevar fordelt på 10 klassar.

Me har ledig fast, 100 % undervisningsstilling i maritime fag, fiske og fangst og som skipper på opplæringsfartøyet vårt, M/S Stø kurs. I tillegg vil det bli arbeid med praktiske fag i rubbhall/naust og på M/S Stø kurs.

Arbeidsoppgåver

  • Faglærar på vg2 maritime fag - matros og vg2 fiske og fangst. Ein del av undervisninga/arbeidsoppgåvene er knytt opp som skipper på M/S Stø kurs.
  • Du må også måtte pårekne å delta som instruktør i ulike maritime kurs både for eigne elevar og for eksterne kursdeltakarar.

Personlege eigenskaper

  • Utadvent
  • Resultatorientert
  • Strukturert
  • Tilpasninsdyktig
  • Praktisk
  • Sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Nøyaktig
  • Entusiastisk
  • Initiativrik

Kvalifikasjonar

  • Det er krav til minimum Dekksoffiser klasse 4
  • Det er og ynskeleg med erfaring frå reiskap eller fiskeri. Du må kunne lære elevane om t.d. spleising av tau
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr opplæringslova
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest
  • Praktisk erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Lønn etter kvalifikasjonar
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Vivian Bjånesø Horgen
Vivian Bjånesø Horgen
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Håvard Magnus Njåstad
Håvard Magnus Njåstad