Elektroingeniør - prosjektering av veg og infrastruktur - Vestland fylkeskommune - avdeling for infrastruktur og veg

Frå 2020 overtar Vestland fylkeskommune ansvaret for fylkesvegnettet i heile Vestland fylke. Vi set no saman eit spanande team av  dyktige fagfolk frå alle kantar av det nye fylket for å løyse denne viktige samfunnsoppgåva. Til saman skal vi rekruttere 100 medarbeidarar i ei rekke ulike fagfelt. Medarbeidarane vil ha arbeidsstad i Leikanger, Bergen, Førde, Odda, Voss og Nordfjordeid. Vi treng deg som har kompetanse innan vegplanlegging, prosjektering, drift og vedlikehald av veg, samt mange fleire fagområder. Bli med frå starten og set ditt preg på ei ny avdeling med stor entusiasme for å gi det nye fylket gode og trygge vegar og god infrastruktur.

Planlegging og Utbyggingsseksjonen har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, g-s vegar, tunnelar og bruer i Vestland
fylkeskommune. Seksjonen dekker alle fagområde knytt til dette arbeidet;
planlegging, prosjektering, grunnerverv, landmåling, geologi, geoteknikk og
utbygging/byggherre. Byggherre miljøet er delt i 3 geografiske einingar,
Prosjekt Nord (Sogn og Fjordane), Prosjekt Sør (Hordaland) og Prosjekt Bergen. 

Arbeidsoppgåver

  • Elektroingeniør

    3 stillingar lokalisert anten i Leikanger eller i Bergen

    • Utarbeiding av konkurransegrunnlag (modell/teikningar) for byggefase av sterkstraums elektroanlegg (bl.a. tunnel-, gate- og veglysinstallasjonar)
    • Planlegging/prosjektering av radioanlegg, nettverk-, styre- og overvakingssystem for tunnelanlegg
    • Innhente, kvalitetsikte og følge opp ressursar som er nødvendig for prosessen
    • Oppgåvene kan variere frå mindre kollektivtiltak, kompliserte byprosjekt til større strekningsvise vegprosjekt   

Personlege eigenskaper

  • Vi er ute etter medarbeidar som er fleksibel, sjølvstendig, har gode samarbeidsevner, er løysingsorientert og som har god gjennomføringsevne.

Kvalifikasjonar

    • Du må ha førarkort klasse B, i særskilte tilfelle kan krav om førarkort fråvikast.
    • Relevant teknisk utdanning frå universitet eller høgskule. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå kvalifikasjonskravet  
    • Det er ein fordel med erfaring frå planlegging og dimensjonering av veganlegg, herunder veg- og gateutforming og overvannshandtering  
    • Relevant IKT-kompetanse i bl.a. AutoCAD, Novapoint og 3D-verktøy  

Følgjande blir tilbydd

    • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
    • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø  
    • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
    • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 

    Andre opplysningar 

    Av praktiske årsaker har vi samla fleire stillingar i kvar annonse. Når du søker på stillinga spør vi deg

  • om kva stilling du primært søker på, og kva arbeidsstad du vil ha. Vi spør deg
  • også om du er interessert i andre stillingar og andre arbeidsstader. Dersom det
  • er spesifikke andre stillingar du er interessert i, gi gjerne også beskjed om
  • dette i søknaden din. Dersom du har spørsmål til stillingane, ta kontakt med
  • den leiaren som står oppgitt på di stilling. Om du har spørsmål om tilsetjingsprosessen, kontakt Ruben Nordvik på telefon 969 43 099.

Om arbeidsplassen

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Annicke B Monsen
Annicke B Monsen