Dagleg leiar - NDLA

Nasjonal digital læringsarena (NDLA) er eit interfylkeskommunalt samarbeid som tilbyr fritt tilgjengelege opne digitale læringsressursar for vidaregåande opplæring. Hordaland fylkeskommune er juridisk ansvarleg eining for det interfylkeskommunale samarbeidet, der sytten fylkeskommunar deltek. Berre Oslo står utanfor. NDLA er ein såkalla distribuert organisasjon. Medarbeidarane bur i alle delar av landet og samarbeider via digitale verktøy. NDLA har ikkje eigne tilsette, men disponerer medarbeidarar med fylkeskommunale stillingsressursar, frå anna offentleg verksemd og frå privat sektor. Kjerneaktiviteten er utvikling og oppdatering av digitale læringsressursar i fag på ndla.no.

NDLA sin visjon er å lage gode, opne digitale læremiddel for alle fag i vidaregåande opplæring og å støtte opp om elevar og lærarar i aktivt og deltakande læringsarbeid.
Som leiar for NDLA får du leie ein organisasjon med ein tydeleg, verdiforankra visjon. Du får bruke kunnskapen din om digitale læremiddel, teknologi og forretningsforståing til å vidareutvikle NDLA i tett samarbeid med styret. Du får ein svært kompetent og dedikert stab og eit stort spenn av oppgåver og utfordringar dagleg. Samstundes må du ha blikket retta mot utvikling av framtidas NDLA, både som teneste og organisasjon.
Vi ser etter deg som vert motivert av NDLA sin visjon. Du er samfunnsinteressert og held deg oppdatert innan utdanningsfeltet og på det som skjer i politikk og næringsliv. Som leiar held du ein geografisk spreidd organisasjon samla og er trygg og tydeleg i intern og ekstern kommunikasjon. Du vil få ein kvardag med stort ansvar og varierte arbeidsoppgåver, eit godt arbeidsmiljø og svært engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar.

Arbeidsoppgåver

  • Totalansvar for verksemda i selskapet
  • Leie og utvikle organisasjonen
  • Strategisk utvikling av selskapet
  • Syte for at organisasjonen er målretta og effektiv
  • Ansvarleg for anskaffingar og anbodsprosessar, og oppfølging av desse
  • Syte for god verksemdstyring og -kontroll

Kvalifikasjonar

  • Solid leiarerfaring
  • God kjennskap til vidaregåande skule og utvikling av digitale læremiddel
  • God teknologiforståing og gjerne oversikt over internasjonale trendar innan læringsteknologi (EdTech)
  • God økonomiforståing
  • Strategisk orientering
  • Høgare utdanning frå universitet eller høgskule
  • Erfaring med anskaffingsrelatert arbeid vil vere ein fordel.

Følgjande blir tilbydd

  • Lønn etter avtale
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Administrasjonen til NDLA er lagt til Hordaland fylkeskommune og arbeidsforhold og arbeidsstad vil vere knytt til denne fylkeskommunen. Arbeidsstaden er Bergen.
  • Administrasjonsmålet i Hordaland fylkeskommune er nynorsk.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Svein Leidulf Heggheim
Svein Leidulf Heggheim
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av John Arve Eide
John Arve Eide