Byggje-/prosjekteringsleiar automatisering - Bybanen Utbygging

Bybanen Utbygging er ein prosjektorganisasjon med ansvar for anskaffingar, prosjektering og bygging av Bybanen i Bergen - frå vedtatt reguleringsplan til overlevering av ferdig bane til driftsorganisasjonen Bybanen AS.

Bybanen Utbygging har i dag kontor på Kronstad i Bergen. I prosjektet er det ca 75 medarbeidarar. Prosjektleiinga rapporterer direkte til fylkesrådmann.

Bygginga av Bybanen inkluderer fleire elektrodisiplinar som spenner frå høgspentanlegg til telekommunikasjon. Til dette fagmiljøet søkjer vi ein ny medarbeidar:

Arbeidsoppgåver

  • Du vil få ansvar for å følgje opp totalentreprisen innan signalanlegg for banen. Signalanlegget nytter automasjon for å ivareta sikkerheten på kritiske områder. Du vil i det daglege følgje opp prosjektering, bygging og testing/idriftsetting av anlegget, samt grensesnitt med andre system/fagfelt. Ein sentral oppgave vil vere å vurdere heilskapen i driften av banestystemet opp mot dei tekniske løysingane, samt vedlikehaldbarheita av systemet.
  • Vidare vil du vere ein del av fagmiljøet som følgjer opp driftskonsept og spor, samt alle elektrodisiplinane frå høgspentanlegg til telekommunikasjon.
  • Stillinga rapporterer til sjef totalentrepriser.

Personlege eigenskaper

  • Sjølvstendig
  • Beslutningsdyktig
  • Engasjert
  • Gode samarbeidsevner på tvers av fag

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein person med kjennskap til styring av jernbane eller som ønskjer å utvide horisonten sin, og som vil vere med og leie arbeidet med å utvikle Bybanen.
  • Du må ha allsidig erfaring innan automatisering eller elektro, gjerne med spesiell kunnskap innan eit eller fleire av områda som automatisering av prosessar, fjernstyring og overvakingsanlegg.
  • Det er ønskelig at du har erfaring fra lette banesystem eller jernbane.
  • Du må ha utdanning som ingeniør/siv.ing elektro, alternativt teknisk fagskole med lengre, relevant erfaring.
  • Vidare er du vant til å leia automasjon-/elektroprosjekt.
  • Spisskompetanse innan eit eller fleire fagområde, t.d. automatisering, elektro, signal eller telekom vil vere ein fordel.
  • Du må beherske engelsk som arbeidsspråk i høve til utanlandske kontraktørar.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Løn etter avtale
  • Eit godt og utfordrande fagleg miljø
  • Å komme tett på alle fagfelt og få ein god innsikt i alle deler av utbyggingen
  • Arbeid som gir resultat og samfunnsnytte
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsplassen

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Ole Wilhelm Mortensen
Ole Wilhelm Mortensen