Byggherrestøtte vedlikehald og drift - Vestland fylkeskommune, avdeling infrastruktur og veg

Frå 2020 overtar Vestland fylkeskommune ansvaret for fylkesvegnettet i heile Vestland fylke. Vi set no saman eit spennande team av  dyktige fagfolk frå alle kantar av det nye fylket for å løyse denne viktige samfunnsoppgåva. Til saman skal vi rekruttere 100 medarbeidarar i ei rekke ulike fagfelt. Medarbeidarane vil ha arbeidsstad i Leikanger, Bergen, Førde, Odda, Voss og Nordfjordeid. Vi treng deg som har kompetanse innan vegplanlegging, prosjektering, drift og vedlikehald av veg, samt fleire fagområde. Bli med frå starten og sett ditt preg på ei ny avdeling for å gi det nye fylket gode og trygge vegar og god infrastruktur.

Seksjon for vedlikehald, drift og beredskap har ansvar for drift og vedlikehald av fylkesvegane. Driftsoppgåver er å følgje opp
drifts-/elektroentreprenørane sitt arbeid og bestille tilleggsarbeid hjå desse, og
syte for best mogleg framkomst på vegane. Vedlikehaldsoppgåver er bestilling og
oppfølging av dekkelegging, bru/kaivedlikehald, tunneloppgradering og andre
vedlikehaldsoppgåver. Dei viktigaste oppgåvene er planlegging av arbeid, utarbeiding av grunnlag for
budsjettsøknader, oppfølging av entreprenør og økonomioppfølging innan tildelte
midlar.

Arbeidsoppgåver

  • Byggherrestøtte - Drift
    Ei stilling lokalisert i Leikanger, Eid eller Førde. 

    • Oppgåver knytt til ulike fagfelt innanfor Drift
    • Arbeid med økonomirapportering, HMS og kvalitet
    • Samanfatting av rapportar og innhenting av informasjon
    • Oppfølging og arbeid i interne system
    • Bidra i utarbeiding av langsiktige planar og budsjett
       

    Byggherrestøtte -  Vedlikehald 

    Ei stilling lokalisert på Voss eller i Odda.

    • Oppgåver knytt til ulike fagfelt på Vedlikehald
    • Arbeid med økonomirapportering, HMS og kvalitet
    • Samanfatting av rapportar og innhenting av informasjon
    • Oppfølging og arbeid i interne system
    • Bidra i utarbeiding av langsiktige planar og budsjett
    • Stillinga kan verte knytt opp til tunneloppgraderingsprosjektet

     

Personlege eigenskaper

  • Vi er ute etter medarbeidarar som er fleksibel, sjølvstendig, har gode samarbeidsevner, er løysingsorientert og har god gjennomføringsevne.

Kvalifikasjonar

    • Du må ha førarkort klasse B, i særskilte tilfelle kan krav om førarkort fråvikast.   
    • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år. Omfattande
      og relevant erfaring, samt gode personlege føresetnader kan kompensere for
    • manglande formell utdanning.
    • Erfaring innan fagområdet
    • Det er ein fordel med erfaring frå kontraktsarbeid, kjennskap til HMS- arbeid og relevante IKT- system

Følgjande blir tilbydd

    • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
    • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø  
    • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
    • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 

    Andre opplysningar 

    • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
    • Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
    • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å stå på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid verte varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
    • Ver venleg å gi informasjon i søknaden kva for stilling du er interessert i, eller om du er interessert i begge.
    • Dersom du har spørsmål til stillingane, ta kontakt med
    • Eivind Yttri for stilling på drift, og Åsmund Sekse for stilling på vedlikehald.
    • Om du har spørsmål om tilsetjingsprosessen, kontakt Ruben Nordvik på telefon 969 43 099.

Om arbeidsplassen

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Åsmund Sekse
Åsmund Sekse
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Eivind Yttri
Eivind Yttri