Byggeleiar, prosjektleiar og kontrollingeniør - prosjekt innan planlegging og utbygging av infrastruktur og veg i Vestland - Vestland fylkeskommune - avdeling for infrastruktur og veg

Frå 2020 overtar Vestland fylkeskommune ansvaret for fylkesvegnettet i heile Vestland fylke. Vi set no saman eit spanande team av  dyktige fagfolk frå alle kantar av det nye fylket for å løyse denne viktige samfunnsoppgåva. Til saman skal vi rekruttere 100 medarbeidarar i ei rekke ulike fagfelt. Medarbeidarane vil ha arbeidsstad i Leikanger, Bergen, Førde, Odda, Voss og Nordfjordeid. Vi treng deg som har kompetanse innan vegplanlegging, prosjektering, drift og vedlikehald av veg, samt mange fleire fagområder. Bli med frå starten og set ditt preg på ei ny avdeling med stor entusiasme for å gi det nye fylket gode og trygge vegar og god infrastruktur.

Planlegging og Utbyggingsseksjonen har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, g-s vegar, tunnelar og bruer i Vestland
fylkeskommune. Seksjonen dekker alle fagområde knytt til dette arbeidet;
planlegging, prosjektering, grunnerverv, landmåling, geologi, geoteknikk og
utbygging/byggherre. Byggherre miljøet er delt i 3 geografiske einingar,
Prosjekt Nord (Sogn og Fjordane), Prosjekt Sør (Hordaland) og Prosjekt Bergen. 

Arbeidsoppgåver

  • Byggeleiar
    7 stillingar lokalisert i Bergen, Leikanger, Førde, Eid eller prosjektkontor.

    • Styre prosjektering og utarbeide konkurransegrunnlag for eigne prosjekt
    • Lyse ut konkurranse og kontrahere
    • Følge opp og rapportere på økonomi, kvalitet, framdrift og HMS på prosjekt
    • Koordinere arbeidet med andre faggrupper og etatar
    • Vere ansvarlig for informasjonsoverføring mellom dei ulike fasane i prosjektet 

    Kontrollingeniør
    6 stillingar lokalisert i Bergen, Leikanger, Førde, Eid eller prosjektkontor.

    • Utføre kontroll og oppfølging av kontraktsarbeid med fokus på teknisk kvalitet, SHA, mengdekontroll og måloppnåing
    • Utarbeide kontrollplanar
    • Gjennomgang og kontroll av entreprenørens gjennomføring av kontrakten, dvs kontrollere at nødvendig dokumentsjon er levert og at dette blir registrert i samsvar med vårt kvalitetssystem.

    Prosjektleiar
    1 stilling i Bergen og 1 stilling i Leikanger

    • Prosjektleiar kan ha ei portefølgje av fleire prosjekt
    • I rolla som prosjektleiar har ein ansvar for HMS, kvalitet, økonomi og framdrift i si portefølgje
    • Det skal utabeidast styrande dokument, bla kvalitetsplan, SHA- og YM-plan
    • Prosjekta skal elles styrast i tråd med prosjektbestilling
    • Prosjektleiar har også eit ansvar for å sikre nødvendig tverrfaglegheit og fagkompetanse inn i prosjekta
    • Stillingane er anten knytt til investeringsprosjekt i Bergen eller Sogn.

Personlege eigenskaper

  • Vi er ute etter medarbeidarar som er fleksibel, sjølvstendig, har gode samarbeidsevner, er løysingsorientert og som har god gjennomføringsevne.

Kvalifikasjonar

  • Relevant teknisk utdanning frå universitet eller høgskule. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå kvalifikasjonskravet.

    Du må ha førarkort klasse B, i særskilte tilfelle kan krav om førarkort fråvikast

    Særlege krav for Byggeleiar

    • Det er ein fordel med erfaring og god fagleg tyngde frå byggeliing
    • Ingeniørutdanning

    Særlege krav for kontrollingeniør

    • Ein av stillingane har krav om kompetanse innan betong og er lokalisert i Bergen
    • Ein av stillingane har krav om kompetanse innan  elektrokompetanse og er lokalisert i Leikanger eller på prosjektkontor

Følgjande blir tilbydd

    • Ei faglig utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
    • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø  
    • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
    • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 

    Andre opplysningar 

    Av praktiske årsaker har vi samla fleire stillingar i kvar annonse. Når du søker på stillinga spør vi deg

  • om kva stilling du primært søker på, og kva arbeidsstad du vil ha. Vi spør deg
  • også om du er interessert i andre stillingar og andre arbeidsstader. Dersom det
  • er spesifikke andre stillingar du er interessert i, gi gjerne også beskjed om
  • dette i søknaden din. Dersom du har spørsmål til stillingane, ta kontakt med
  • den leiaren som står oppgitt på di stilling. Om du har spørsmål om tilsetjingsprosessen, kontakt Ruben Nordvik på telefon 969 43 099.

Om arbeidsplassen

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Cathrine Botnevik
Cathrine Botnevik
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Gunnar Solbakken
Gunnar Solbakken