Bibliotekar - Olsvikåsen vgs og Bergen Katedralskole

Bergen Katedralskole er ein studiespesialiserande skule med fagtilbod knytt til programområda realfag og språk/samfunnsfag/økonomi. I tillegg har skulen eit tilbod for minoritetsspråklege elevar, eit IB-tilbod (International Baccalaureate Diploma), avdeling Kyrre, og eit omfattande vaksenopplæringstilbod på vidaregåande skulenivå. Skulen har totalt omlag 1400 elevar og 130 tilsette. Biblioteket er lokalisert på hovudavdelinga, men yter og tenester til avdeling Kyrre og vaksenopplæringa.

Olsvikåsen vgs opna i 2006 og er ein spanande arbeidsstad med rom for kreativitet og med fokus på mangfold og mestring.Skulen ligg i Olsvik, med gode offentlege kommunikasjonar til alle delar av Bergen. Skulen har om lag 80 tilsette og 600 elevar fordelt på fem utdanningsprogram; Studiespesialiserande,KDA (kunst, design og arkitektur), helse- og oppvekstfag, helse - og oppvekstfag m/studiespesialisering og særskilt tilpassa opplæring. I tillegg tilbyr skolen påbygging til generell studiekompetanse og basket på elitenivå. Skolen har vekslingsmodellen som eit pilotprosjekt innan helse- og oppvekstfaga.

Bergen Katedralskole og Olsvikåsen videregående skole har til saman ledig 100% stilling som bibliotekar, fordelt med 50% på kvar skule.

På Bergen Katedralskole er det i dag 100% bibliotekarressurs, fordelt på 1 medarbeidar og på Olsvikåsen vgs. er det i dag 50% bibliotekarressurs, fordelt på ein medarbeidar. Den som blir tilsatt vil få medansvar for den daglege drifta av biblioteka.

Begge biblioteka er travle og aktive skulebibliotek som gjerne vil bli endå betre integrert i skulen si pedagogiske verksemd. Vi søker ein person med bibliotekfagleg utdanning og gode evner til å kommunisere, motivere og skape gode relasjonar, og som kan samarbeide med unge og vaksne. Stillinga krev god kjennskap til bruk av IKT. Det blir lagt stor vekt på fagleg og personlege føresetnader som er relevant for denne type arbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Medansvar for dagleg drift av skulebiblioteket.
  • Medansvar for innkjøp, utlån, administrasjon og innlevering av lærerbøker/læremiddel og drift av dei bibliotekadministrative systema.
  • Opplæring og rettleiing innan informasjonskompetanse, inkludert rettleiing i kjeldesøk, kjeldekritikk og studieteknikk for skulen sine elevar.
  • Formidling av litteratur og stimulering til leselyst.
  • Informasjon og kunnskapsformidling på skulen sine nettsider.
  • Skape merksemd og interesse rundt litteratur og bidra til miljøfremmande tiltak knytt til biblioteket.
  • Delta i undersøkings- og kartleggingsarbeid ved skolen.

Personlege eigenskaper

  • Kreativ, utviklings- og løysingsorientert med gode evne til å kommunisere.
  • Eit positivt elevsyn.
  • Evne til å arbeide strukturert, både sjølvstendig og i team.
  • Fleksibilitet, omstillingsevne og serviceinnstilling.
  • Evne til å handtere hektiske arbeidsperioder.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent bachelorgrad i bibliotek og informasjonsvitenskap, eventuell anna relevant utdanning.
  • God digital kompetanse og evne til å utvikle digitale bibliotektenester.
  • God kjennskap til og erfaring frå litteratur- og mediefelt.
  • God skrifteg framstillingsevne på bokmål og nynorsk.
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk.
  • Godt fag- og arbeidsmiljø. Moderne undervisningsanlegg.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp.

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Lise Holsen
Lise Holsen
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Helene Systad
Helene Systad