Avdelingsleiar yrkesfag - Austrheim vgs

Austrheim vidaregåande skule er ein kombinert skule med både studiespesialisering og yrkesfaglege utdanningsprogram, som ligg fint til ved sjøen i Mastrevik. Me er ein utviklingsorientert skule med eit positivt og inspirerande arbeidsmiljø. Skulen har 216 elevar og 54 tilsette.

Skulen har desse utdanningsprogramma: Studiespesialisering, teknikk og industriell produksjon, helse- og oppvekstfag, bygg- og anleggsfag og påbygging til generell studiekompetanse.

Vi har eit godt elevmiljø, dyktige lærarar og tett samarbeid med næringslivet. Skulen sin visjon er at me skal vere ein attraktiv og nyskapande skule.

Austrheim vidaregåande skule har ledig fast stilling som avdelingsleiar for yrkesfag.

Arbeidsoppgåver

  • Til stillinga er det tillagt arbeidsoppgåver som:
  • Personalansvar, pedagogisk utviklingsarbeid, tett kontakt med næringslivet, fag- og timefordeling, økonomi- og budsjettarbeid og vikaradministrasjon. Det vert enten lagt undervisning eller avdelingsleiaransvar for elevtenesta til stillinga.

Personlege eigenskaper

  • Skolen ønskjer ein person som er:
  • Utviklingsorientert
  • God på samarbeid og relasjonsbygging
  • Inspirerande og motiverande
  • Løysingsorientert og fleksibel

Kvalifikasjonar

  • Pedagogisk kompetanse og undervisningskompetanse i fag som skulen tilbyr
  • Leiarerfaring
  • Kjennskap til næringslivet i regionen
  • Gode IKT-dugleikar til administrative verktøy
  • Yrkesfagleg bakgrunn innan enten helse og oppvekst, TIP eller byggfag, eller eventuelt anna relevant næringskompetanse.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova. Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Godt arbeidsmiljø med kompetent personale
  • Løn etter avtaleverket
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Frode Hervik
Frode Hervik