Avdelingsleiar studieførebuande - STORD VGS, Hordaland fylkeskommune

Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande- og yrkesfagleg utdanning. Skulen
ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 1000 elevar,
fordelt på utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og
drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro, Teknikk- og
industriell produksjon og IKT- servicefag. Voksenopplæringa i Sunnhordland er
knytt til skulen og me har kursverksemd i forskjellige fag. Me er
knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i
tilrettelagte grupper. Det er planlagt ei større ombygging av Stord
vidaregåande skule og me skal ta i bruk nye og moderne skulebygningar innan
nokre år. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert
personale arbeider for å skape eit trygt læringsmiljø. Skulen legg vekt på
samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular.

Me søkjer etter avdelingsleiar for avdelinga samfunnsfag/språk/økonomi og media.

Hovudoppgåvene i stillinga er å leia denne avdelinga og å delta i skulen sitt leiarteam. Me søkjer deg som har interesse og gjerne kjennskap til studiespesialiserande og studieførebuande på vidaregåande skule. Det er om lag 25 tilsette i avdelinga.  

Arbeidsoppgåver

    • Pedagogisk leiing og utviklingsarbeid
    • Deltaking i skulen sitt leiarteam
    • Personalleiing for dei tilsette i avdelinga
    • Budsjettstyring og økonomiansvar

     Det kan leggjast undervisning til stillinga 

Personlege eigenskaper

  • Me søkjer deg som:

    • Er ein tydeleg leiar med vilje og evne til god pedagogisk leiing
    • Har kompetanse til å driva prosessar og få medarbeidarane engasjert i desse 
    • Har evne til å kommunisera, rettleia og motivera
    • Kan arbeide både sjølvstendig og i nært samarbeid med andre
    • Er systematisk, nøyaktig og løysingsorientert

     Det vert lagt stor vekt på at søkjar er personleg eigna. 

Kvalifikasjonar

  • Til stillinga er det krav om:  

    • Relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf forskrift til opplæringslova 14-4
    • Undervisningskompetanse innanfor eit av områda til skulen 
    • God skriftleg og munnleg framstillingsevne 

     Det er ynskjeleg med:

    • Røynsle frå vidaregåande skule
    • Leiarerfaring og/eller leiarutdanning 

     
    Alle nytilsettingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med prøvetid på 6 månader. Den som blir tilsett må legge fram politiattest.  

Følgjande blir tilbydd

    •  Eit solid fagmiljø med fokus på utvikling til det beste for elevane
    • Eit leiarteam med godt samarbeid og ein støttande stab 
    • Løn og lønsutvikling i tråd med Hordaland fylkeskommune sin lønspolitikk
    • Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
    • Spennande arbeid i samspel med elevar og tilsette      

    Andre opplysningar

    Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.  

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Jan Magne Olsen
Jan Magne Olsen
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Ellen Strandenes
Ellen Strandenes