Avdelingsleiar: ST og fellesfag - Sotra vgs

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfaglege og studiespesialiserande programområde. Vi har to skulestader, Bildøy og Sund med tilsaman 850 elevar og 150 tilsette.
Vi er også vaksenopplæringssenter for Askøy, Sotra og Øygarden og har ca. 200 elevar innanfor ulike program her.

Skulen har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape eit miljø tufta på respekt, inkludering og medansvar.

Vi i leiargruppa samarbeider tett og legg vekt på open kommunikasjon og stor takhøgd, med rom for både skjemt og alvor. Vi legg også vekt på eit godt samarbeid med organisasjonane i alle saker som gjeld skulen og personalet.
Vi søkjer ein avdelingsleiar for ST/fellesfag. ST/fellesfag er delt mellom to avdelingsleiarar, noko som krev eit tett og godt samarbeid. Avdelingsleiar inngår i rektor si leiargruppe.

Arbeidsoppgåver

  • Pedagogisk leiing og utviklingsarbeid
  • Personalansvar
  • Budsjettstyring og økonomiansvar
  • Fellesoppgåver knytt til dagleg drift og pedagogisk leiing
  • Det kan leggjast undervisning til stillinga

Personlege eigenskaper

  • Skulen søkjer ein person som er resultatorientert og ansvarsbevisst, og som arbeider strukturert.
  • Du må vere ein god lagspelar, men også kunne arbeide sjølvstendig.
  • Du har stort engasjement og evne til å motivere.
  • Du er inkluderande og flink til å byggje relasjonar.
  • Du kommuniserer godt, og har god skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Kvalifikasjonar

  • Pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitet
  • Leiarkompetanse og/eller -erfaring frå skule eller liknande verksemd
  • Undervisningskompetanse i fag innanfor studiespesialisering eller fellesfag.
  • God kompetanse innanfor IKT og skuleadministrative program
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Følgjande blir tilbydd

  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Magnhild Hakestad
Magnhild Hakestad