Avdelingsleiar språk og samfunnsfag, helse- og oppvektstfag - Austrheim vgs

Austrheim vidaregåande skule er ein kombinert skule. Skulen starta opp frå hausten 1979 som eigen skule og vil då ha 40 års jubileum hausten 2019. Vi er ein moderne skule, ligg fint til ved sjøen i Mastrevik og har om lag 220 elevar og 54 tilsette.

Skulen har desse utdanningsprogramma: Studiespesialisering, teknikk og industriell produksjon, helse- og oppvekstfag, bygg- og anleggsfag og påbygging til generell studiekompetanse.

Vi har eit godt elevmiljø og dyktige lærarar. Vi har eit svært godt samarbeid med næringslivet.
Skulen sin visjon: Attraktiv og nyskapande.

Austrheim vidaregåande skule har ledig fast stilling som avdelingsleiar for helse- og oppvekstfag og språk- og samfunnsfag.

Arbeidsoppgåver

  • Til stillinga er det tillagt arbeidsoppgåver som:
  • Personalansvar, timeplanlegging, fordeling av fag og timar, pedagogisk utviklingsarbeid, budsjettarbeid, innkjøp og skaffe vikarar
  • Det er lagt 30-40% undervisning til stillinga

Personlege eigenskaper

  • Skolen ønskjer ein person som:
  • Er utviklingsorientert
  • Er teamtenkjande
  • Motiverer til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Er god på samarbeid og kommunikasjon
  • Er løysingsorientert og fleksibel
  • Har gode leiareigenskapar

Kvalifikasjonar

  • Pedagogisk kompetanse undervisningsfag
  • Har leiarerfaring eller røynsle frå organisasjonsarbeid
  • Har pedagogisk kompetanse
  • Gode kunnskapar om IKT til administrative verktøy
  • Den som vert tilsett, må ha undervisningskompetanse i fag som skulen tilbyr
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader

Følgjande blir tilbydd

  • Godt arbeidsmiljø med kompetent personale
  • Løn etter avtaleverket
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort

Om arbeidsplassen

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Frode Hervik
Frode Hervik
Kontaktperson for stillingsutlysninga
Profilbilde av Sigbjørn Georg Tresvik
Sigbjørn Georg Tresvik